Rådgjevar / seniorrådgjevar
Jobbnorge ID: 173433
Om stillinga
Ved Eining for inntak Bufetat, region vest avdeling Stavanger er det ledig vikariat som inntaksrådgjevar i 100 % stilling. Varigheit: Inntil ett år.
Arbeidsoppgåver / ansvarsområde
- Ta i mot og handsame alle tilvisingar om statlege barneverntiltak.
- Ved førespurnad frå kommunal barnevernteneste, gje råd og rettleiing og bistand i den einskilde sak.
- Gjere vurderingar av egna tiltak i samråd med kommuna si tilvising.
- Sikre oppfølging av private plasseringar etter ei risikovurdering.
- Delta i samarbeidsmøte med einingar og kommuner ved behov for faglege avklaringar.
- Bidra til eit godt samarbeid med dei kommunale barneverntenestene i regionen.
Kvalifikasjonar
- Det vert kravd minimum tre-årig utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå innafor barnevern-/sosialfag.
- Anna tilgrensa utdanning kan vurderast saman med relevant erfaring frå barnevernfeltet.
- Det er krav om erfaring frå barnevernfeltet.
- Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan barnevern/psykisk helse.
- Det er ønskjeleg med god forvaltarkunnskap og god kunnskap til lov og avtaleverket innafor feltet.
- God skriftleg framstillingsevne og IKT-kunnskap
Personlege eigenskapar
- Du er initiativrik, løysingsorientert, har høg arbeidskapasitet og evne til å gjennomføre.
- Du er god til å bidra i kontinuerlege endrings- og betringsprosessar.
- Du har eit godt humør og bidreg positivt i arbeidsfelleskapet.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar og evne til å samarbeide med eksterne samarbeidspartnarar, og høg grad av sjølvstende i arbeidet.
Vi tilbyr
- Stillinga er plassert i statleg lønnsregulativ som 1434 Rådgjevar p.t. kr 488 000 - kr 583 900 pr. år (ltr. 55-65), ev. i stillingskode 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 552 800 - kr 640 200 pr. år (ltr. 62-70). Løn vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktige vilkår, rente og yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Generelle opplysningar
- Bufetat ynskjer å vere ein arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som utnyttar potensialet i den samla kompetansen i befolkninga. Vi oppmodar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkja jobb hos oss. Bufetat jobbar for å realisera regjeringa sin inkluderingsdugnad om at 5 % av faste nytilsetjingar i staten skal vere personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Vi gjer merksam på at opplysningar om nedsett funksjonsevne eller hol i CV'en kan bli brukt til registreringsformål.
- Stillinga er for tida lagt til Inntak Stavanger.
- Politiattest vert kravd framlagt ved tiltredinga, jf. lov om barnevern § 6-10 og forskrift om politiattest § 6.
- Denne attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
- Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. jf. Lov om rett til innsyn i dokumenter i offentleg verksemd (offentleglova), § 25.
Kontaktperson
Avdelingsleiar Synnøve Gjerde Nyborg tlf 46619445
Søknad med CV vert å senda elektronisk via lenkje på denne sida.
Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit evt. intervju eller leggjast ved elektronisk.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Eining for inntak Bufetat, region vest skal formidle statlege barneverntenester til kommunane i regionen. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonal inntak for rus og atferdplasseringar (NIT). Eininga har avdelingar i Bergen, Stavanger og Førde med totalt 29,5 årsverk. Vi håper du vil vere med på vegen for å sikre like tenester av god kvalitet. Oppgåvløysinga til rådgjevarane er inndelt i ulike ansvarsområde; akuttmottak og tildeling av akuttplass, tilvisingar om institusjontiltak og oppfølging av private institusjonar. Formidling av statlege og private fosterheimar og oppfølging av private fosterheimar, samt formidling av foreldre/barn tiltak. Eininga har og ansvar for arbeid inn mot bruk av familieråd.