Drosjesjåførar deltid for persontransport i Samnanger
Samtax As
Samnanger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Persontransport - oppdrag med skuleskyss, pasientreiser, TT-transport og ordinær drosjetransport på bestilling med utgangspunkt i Samnanger kommune.
Stillingstittel
Drosjesjåfør
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 25-30%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Hva vi ser etter
Vi ser etter to to dugande, strukturerte og serviceinnstilte sjåførar. Du må ha førarkort klasse B, drosjesjåførkompetanse og køyresetel for drosje.
Du må snakka tilstrekkeleg godt norsk til å kunna gje trygg og god assistanse til barn, eldre eller sjuke ved behov. Dette betyr i sum at du må ha bestått norskprøve på nivå B2 for å kunna fungera i denne stillinga.
For den rette kandidaten kan Samtax AS leggja til rette for at vedkommande kan skaffa seg naudsynt sjåførkompetanse om nokre av kompetansekrava manglar. Opplæring vil bli gjeve.
Arbeidsoppgaver
Persontransport innan, og til og frå Samnanger kommune. Vi utfører skuleskyss, pasientreiser, TT-transport og ordinær drosjetransport på bestilling.
Eine stillinga vert ei helgevaktstilling i kombinasjon med å vera tilkallingsvikar. Den andre stillinga inngår også i helgevaktordninga, men vedkommande får også faste oppdrag med skulekøyring to - tre dagar i veka i tillegg til andre transportoppdrag som kjem til. Sistnemnde stilling utgjer ca 25 - 30 % - med utsikt til større inntening om transportmengda aukar.
Vi tilbyr
Som drosjesjåfør hos oss har du fleksibel arbeidstid og ein variert arbeidsdag. Du vil inngå i ei helgevaktordning.
Du vil ta del i eit hyggeleg og uformelt arbeidsmiljø, og vi <<tek gjerne ein for laget>> når det trengs. Vi ønskjer deg velkommen på laget!
Løna er basert på avtalt del av omsetnaden din.
Om bedriften
Samtax AS utfører persontransport innan og til og frå Samnanger kommune. Vi utfører skuleskyss, pasientreiser, TT-transport og ordinær drosjetransport på bestilling. Vi har tre - snart fire løyver, ein nyare elektrisk bilpark og 4 erfarne sjåførar. Vi blir tilslutta 07000-samarbeidet frå 01.09.24.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2721326
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
64096c46-ccae-4f88-9e16-c8490b8c6799