Overlege, Kvinnesjukdommar og fødselshjelp
Kvinneklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Overlege ved Kvinneklinikken
Type ansettelse
Fast
Antall stillinger
4
Kvinneklinikken søker overlegar
Kvinneklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er regionssjukehus for Helseregion Vest og sentralsjukehus for Vestland fylke. Vi har universitetsfunksjon og driv forsking innan fagområda gynekologi og fødselshjelp.
Klinikken er delt inn i fødeavdelinga, gynekologisk avdeling (delt i seksjon for generell gynekologi og kreft), fostermedisin/ultralyd og assistert befruktning. Vi har årleg om lag 4200 fødslar og rundt 3000 operative inngrep. Vi har behov for å styrke overlegebemanninga ved fleire seksjonar og kan tilby ein utfordrande arbeidskvardag med god moglegheit for karriereutvikling innan klinisk kompetanse og forsking.
Vi ønsker nå å styrke bemanningen vår med spesialister til flere av våre avdelinger. Les meir om oss: Kvinneklinikken
Som overlege ved Kvinneklinikken vil du ha eit sjølvstendig fagleg ansvar og vere rettleiar for LIS, ei viktig rolle ved gjennomføring av den nye utdanningsmodellen. Alle legar deltar i fagutvikling og undervisning. Jobben fordrar stor fagleg interesse og engasjement. Vi har alltid fokus på kompetanse, pasientryggleik og brukarmedverknad. Kvinneklinikkens kjerneoppgåve er å gi gode helsetenester til kvinner på Vestlandet. Vi har nyleg flytta inn i nye topp moderne lokale og arbeider med løysingar for framtida. Det er derfor viktig at du som overlege kan bidra positivt inn i utviklingsprosjekt og forbetringsarbeid.
Ved Kvinneklinikken har vi fokus på godt arbeidsmiljø og vårt kollegium ønsker nye legar velkomne!
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid
- Vakt
- Forbetringsarbeid
- Undervisning og rettleiing
- Medansvar for god samhandling
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon
- Spesialistgodkjenning i Fødselshjelp og Kvinnesjukdommar
- Medisinsk embetseksamen
- Gode kunnskaper i norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Evne til å arbeide sjølvstendig, nøyaktig og målretta
- Evne til å samhandle med pasientar og pårørande
- Gode kommunikasjonsevne
- Forskingsinteresse
- Evne å prioritere
- God stressmeistring
- God forståing av klinikkens og sjukehusets verdiar
- Glede av godt teamarbeid
- Ønske og vilje til å bidra til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver og eit godt arbeidsmiljø med høgt tempo
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Lorentz Erland Linde, Klinikkoverlege, 41456090, lorentz.erland.linde@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4832676772
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 18.08.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2686845
- Sist endret
19. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
3deb807e30674fb6bb03589b79d64dd5