Sauda kommune søkjer deg som vil utdanne deg til
Sauda kommune søkjer deg som vil utdanne deg til barnehagelærar, kombinert med arbeid i barnehage. Enten via ordninga ABLU (arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning), eller barnehagelærarutdanning på deltid.
Me har inntil 400 % rekrutteringsstillingar. Det er bindingstid på 2 år etter endt utdanning.
Kommunestyret i Sauda har vedteke at alle barn skal få plass i barnehagane våre, og i samband med dette har me behov for å auke bemanninga. Me ser etter deg som kan og vil gjere og vere ein skilnad for barna. Du har evne til nytenking, er initiativrik og kan jobbe strukturert og systematisk for å vidareutvikle dei trygge og gode barnehagane våre.
Som tilsett i ein av våre rekrutteringsstillingar, vil du få eit fleksibelt tilsetjingsforhold. Dette inneber at du arbeidar i den barnehagen som har behov for deg, basert på barnehageopptak. Me kan love deg barnehagar som er gode til å bruke arbeidsstaden som ein læringsarena for kollektiv og individuell kompetanseutvikling.
Arbeidsoppgavar
- Leggje tilrette for barnas leik, læring og utvikling
- Bidra til eit godt samarbeid mellom heim og barnehage
- Ha medansvar for planlegging, gjennomføring, vurdering og dokumentasjon av det praktiske og pedagogiske arbeidet.
- Halde deg fagleg oppdatert, og bruke denne kompetansen i det daglege og langsiktige arbeidet.
Kvalifikasjonskrav
- Dokumentasjon til opptak på arbeidsplassbasert barnehagelærarutdanning (ABLU), eller barnehagelærarutdanning på deltid.
- Personlege dugleikar for arbeid med barn og i eit profesjonelt læringsfellesskap.
- Krav om norskdugleikar på tilsvarande nivå B2.
Me søkjer deg som:
- Har gode samarbeidsevner og er god på relasjonsbygging
- Er fleksibel og kommuniserer trygt og godt med barn og vaksne
- Er løysingsorientert
- Kan gi og ta i mot rettleiing
- Er opptatt av å bidra til at alle barn får oppleve ein god barndom
Personleg egnethet vil bli vektlagt
Me tilbyr
Ein spanande og variert jobb
Pensjonsordning i KLP
Gode forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.
Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem.
Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønningskontoret på mail til lonn@sauda.kommune.no eller på telefon 52 78 62 00.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her