Helsefagarbeidar vikariat 85% stilling natt
Hareid kommune, Eining for heimetenester
Teigevegen 55, 6060 Hareid, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar vikariat 85% stilling natt
Type ansettelse
Vikariat, deltid 85%
Arbeidstid
Turnus, natt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 18. november
Heimetenestene yter tenester til heimebuande og personar som bur i omsorgsbustadar, og tenesta skal utøvast på ein fagleg forsvarleg måte og i tråd med den behovet til den enkelte brukar. Som helsefagarbeidar er du ein viktig del av den faglege standarden og utviklinga i eininga du arbeider på. Natt-teamet i heimetenesta består av to nattevakter. Når det ikkje er oppdrag i bygda, skal begge nattevaktene vere stasjonert på avdelingane.
Sektor for velferd jobbar med å sjå på korleis vi framover skal gi tenester til kommunens innbyggjar på best mogleg måte og hjelpe kvarandre på internt på tvers av einingar. Vi har eit tett og godt samarbeid mellom einingane i sektoren, noko som er viktig for gode pasientforløp og pasienttryggleiken.
Arbeidsoppgåver
Som helsefagarbeidar vil du ha varierte faglege utfordringar og arbeidsoppgåver knytt til brukarane som bur i heimane og omsorgsbustad. Vi legg stor vekt på å ha eit godt samarbeid med brukar, og samarbeider godt med andre einingar og faggrupper i velferd.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vere:
- Utføre arbeidsoppgåver på ein fagleg forsvarleg måte, i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for eininga
- Gi heilskapleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar med fokus på brukarmedverknad og kvardagsmestring
- dokumentere arbeidet i samsvar med lovverket
- bruke velferdsteknologi
- delta i kvalitetsutvikling av tenesta
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som ønskjer å arbeide med pasientomsorg på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Difor er det krav om at du
- er helsefagarbeidar med norsk autorisasjon eller har anna relevant helsefagleg utdanning
- kan medikamenthandtering
- meistrar bruk av IT i det daglege
- kan leggje fram gyldig politiattest ved tilsetjing
- har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
I sektor for velferd ønskjer vi oss medarbeidarar som er engasjerte, profesjonelle og løysningsorienterte, viser respekt og er rause. Du har gode kommunikasjonsferdigheiter, evne til å arbeide sjølvstendig, og har gode samarbeidsevner. Du klarer å prioritere, ta avgjersler og har gjennomføringsevne. Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, stabilitet, verdigrunnlag og arbeidsmoral ved tilsetting.Vi tilbyr
- varierte oppgåver med vekt på fagleg utvikling og godt tverrfagleg arbeidsfellesskap
- ein triveleg arbeidsfelleskap med mange dyktige kollegaer
- aktiv bruk av moderne velferdsteknologi
- ein variert og utfordrande jobb med mange spanande arbeidsoppgåver
- fagdag i arbeidsplan
- kurs gjennom NHI og Veilederen
- løn etter gjeldande avtaleverk
Kontaktinformasjon
Sutharsiny Satheeskumar, Einingsleiar, +47 46801312Arbeidsstad
Teigevegen 556060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Hareid kommuneReferansenr.: 4850476076
Stillingsprosent: 85%
Vikar
Søknadsfrist: 18.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Sutharsiny Satheeskumar
Einingsleiar
+47 46801312
Om bedriften
GODE TENESTER - GLADE TILSETTE
Hareid kommune har omlag 5300 innbyggarar, og 500 tilsette.
Våre tilsette er kommunens viktigaste ressurs. Kvaliteten på tenesteytinga er avhengig av kompetanse, og i kva grad vi har vilje og motivasjon. Innbyggjarane i Hareid er utgangspunktet for service- og tenesteytinga vår.
Inkludering og mangfald er ein styrke. VI oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Alle søkjarar blir førte opp på offentleg søkjarliste. Du kan søkje om anonymitet. Det må liggje føre særskilde omstende for å få innvilga unntak, jamfør Offentleglova § 25.
Gyldig politiattest av ny dato legg du fram til stillingar der dette er eit krav.
Attestar, vitnemål og vedlegg må ligge ved søknaden din.
Vi oppmodar deg til å nytte Vitnemålsportalen. Utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av HK-dir (tidlegare NOKUT), og du må dokumentere godkjenninga.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2782980
- Hentet fra
talentech
- Referanse
641ff6733f82495082960b581e29ae2e