Prosjektleiar investeringsprosjekt bygg og anlegg
Høyanger kommune Eining plan, prosjekt og forvaltning
Aug.Gunnarskogsgate , 6993 Høyanger
Om jobben
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom privat næringsliv, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Som ein del av dette bilde er det planlagt fleire større investeringsprosjekt i kommunen innanfor både bygg og anlegg.
Her kjem du inn i bildet!
Vil du?- Leie kommunale investeringsprosjekt med ansvar for oppfølging, rapportering og framdrift?
- Følgje prosjekt frå ide til levering?
- Samarbeide tett med ulike fagområde, brukarinteresser, politikarar, næringsliv og frivillige lag- og organisasjonar?
- Gjennomføre anskaffingar og følgje opp konsulentar og entreprenørar?
- Jobbe i team med andre?
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger sjå her! Kvifor søkje hos oss?
- Interessante, viktige og varierte oppgåver
- Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
- Fleksitid
Meir om korleis Høyanger kommune skal arbeide med samfunnsutvikling dei neste åra finn du her
Kvalifikasjonskrav
Høgare utdanning innan ingeniørfag, fortrinnsvis bygg. Andre relevante høgskuleutdanningar kan òg vere aktuelle. Lang relevant praksis kan kompensere for utdanningskravet. Det er ønskjeleg at du har erfaring med prosjekt frå bygg og anlegg, samt regelverket kring offentleg anskaffing. Du må kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg.
Vi søker deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptatt av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Meir informasjon?
Stillinga rapporterer pr. i dag til einingsleiar for plan, prosjekt og forvaltning.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Einar Taule Øyehaug på tlf. 57 71 15 83 og høyr hans erfaringar.
Har du spørsmål om stillinga ta kontakt med einingsleiar plan, prosjekt og forvaltning Synne Nessestrand Vefring på tlf. 97 56 12 55.
Sjå også https://www.sognefjord.no/fjordbygder/hoyanger
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2786122
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3425249_205923_nn