Badevert/badevakt i folkebad
Vaksdal kommune
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Om jobben
Stillingstittel
Badevert
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Vaksdal kommune har ledig fast deltidsstilling for badevert ved folkebadet på Dale skule.
Som badevert vil du alltid arbeide i eit team på to personar. Arbeidet vert timeløna etter timelister og vil vera
på ettermiddag- og kveldsstid.
Folkebadet er ope måndag, onsdag og fredag med arbeidstid om lag mellom klokka 16.30- 21.00. Det er ledig to dagar - måndag og onsdag, men dette kan verta endra. Skriv gjerne i søknaden om du ønskjer å jobbe ein eller to dagar.
Folkebadet sine opningsperiodar føl skuleruta.
Er du over 18 år, ansvarsfull og symjedyktig?
På grunn av kjønsbalansen oppmodar vi kvinner om å søkje.
Arbeidsoppgaver
- Vera badevert i folkebadet for ulike brukargrupper
- Vera med på å sikre eit trygt og reint folkebad
- Reingjering
Kvalifikasjonskrav
- Søkjar må vera over 18 år
- Du må kunne symje godt
- Ha kurs i livredding og/eller vera villig til å ta kurs
- Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetjing
- Ansvarsfull og påliteleg
- Gode samarbeidsevner
- Imøtekomande
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Kompetente og engasjerte kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Individuell oppfølging
- Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
- Løn i tråd med tariffavtaleverk
Spørsmål om stillingen
- Gunn E Melgård Aase, einingsleiar.
- 41233585
- gunn.melgard.aase@vaksdal.kommune.no
Om bedriften
Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2628789
- Sist endret
13. mai 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10207332