Jurist - rådgivar
Jobbnorge ID: 165084
Justis- og beredskapsavdelinga har eit ledig vikariat for ein dyktig og effektiv jurist - rådgivar.
- Vi er 11 juristar i avdelinga, og kan tilby eit høgt fagleg juridisk miljø der oppgåvene blir løyst saman med trivelege kollegaer. Avdelinga har eit stort mangfald av oppgåver, både som klageinstans for kommunale vedtak, og behandling av søknader i førsteinstans.
Arbeidsoppgaver
- Sentrale oppgåver for denne stillinga vil vere juridisk saksbehandling på verjemålsområdet. I tillegg til saksbehandling, inneber stillinga mykje rettleiing på telefon både internt og eksternt, samt tverrfagleg samarbeid. Arbeidet er i stor grad sjølvstendig, gir høve til fordjuping og kjennskap til eit vidt område innanfor jussen.
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Master i rettsvitskap/juridisk embetseksamen
- God framstillingsevne skriftleg og munnleg
- Sans for å rettleie brukarane
- Stor arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- 1 års vikariat
- Grundig opplæring
- Kvalifiserande juridisk arbeid
- Godt juridisk- og tverrfagleg miljø
- Lønn i statens lønnsregulativ som 1434 rådgiver fastsett etter erfaring og kvalifikasjoner.
- Fleksibel arbeidstid og medlemskap i Statens pensjonskasse, med gode forsikrings- og låneordningar. Frå løna vert trekt 2% innskot til pensjonskassa.
- Tilsetjinga etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første 6 månadane er prøvetid.
Spørsmål om stillingen
-
Nærare opplysningar:Direktør Helge Mogstad, tlf 926 42 280, e-post: fmmrhemo@fylkesmannen.no
Ass.direktør Ann Lilly Inderhaug Orvik, tlf 959 21 410, e-post: fmmranov@fylkesmannen.noVi brukar som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må meistre norsk både skriftleg og munnleg. Offentleg sektor er i stadig omstilling og utvikling. Den som blir tilsett må difor vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Søknadsfrist: 10. mars 2019
Du må søke elektronisk gjennom rekrutteringsportalen til JobbNorge. Link til denne ligg på heimesida vår og på NAV sine sider. Vi ber om at attestar og vitnemål følgjer søknaden i PDF format. Stillinga ha stillingsnr 1902.
Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25, 2. punktum. Meir informasjon om Fylkesmannen i Møre og Romsdal sine oppgåver og organisering finn du på: www.fylkesmannen.no/mr
Fylkesmannen er opptatt av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi er IA-bedrift og vil legge forholda til rette for søkjarar med redusert funksjonsevne.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Fylkesmannen er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket og utøver mange og allsidige forvaltningsoppgåver for staten