Sjukepleiar, til kjekk arbeidsstad i heimetenesta Husnes
Kvinnherad kommune Heimetenester Husnes
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar i 100% stilling i heimetenesta Husnes
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Omtale av stillinga
Heimetenesta er ein spanande arbeidsstad med mange og varierte utfordringar. Vi har eit godt og pulserande arbeidsmiljø. Vi er gode på internundervisning med fokus på faglig oppdatering. No søkjer vi etter sjukepleiar i 100% stilling. Stillinga er fast. Ved interne søkjarar, kan det vera aktuelt med intern opprykk i frå vikarpool til fast avdeling. Arbeidet inneber turnus dag/kveld med arbeid kvar 3. helg. Oppmøtestad Husnes.
Arbeidsoppgåver
- Ordinære arbeidsoppgåver i heimetenesta
- Sjukepleiefaglege prosedyrar og observasjonar
- Tverrfagleg samarbeid
Kvalifikasjonar
Det vert stilt krav om autorisasjon som sjukepleiar. Om me ikkje får kvalifiserte sjukepleiarar, kan ein vurdere å tilsetje helsefagarbeidar i vikariat.
- Søkjar må ha sertifikat klasse B.
- Det er ein fordel, men ikkje eit krav, om du kan vise til erfaring eller utdanning innan eit eller fleire av desse fagområda: omsorgsteknologi, eldre med alvorlig svikt i vitale funksjonar/akuttsjukepleie i kommunane, kvardagsrehabilitering, demens/geriatri, lunge/kols, gastro/stomi, ernæring, smittevern.
Relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning.
Personlege eigenskaper
Du må vera fleksibel og løysingsorientert
- Ha gode evner til kommunikasjon og til å motivere andre
- Kunne arbeida sjølvstendig og samarbeida med andre
- Du må ha gode kunnskapar i norsk, både skriftleg og munnleg
Ved tilsetjing vert det lagt vekt på tidlegare arbeidserfaring og personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
- Kvinnherad kommune er ei IA-verksemd.
- Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
- Dekning av flytteutgifter etter nærare reglar
- Gratis SFO
- Maksprisar i barnehage
- Inga eigedomsskatt
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2729933
- Sist endret
28. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3396071_225955_nn