Overlege i kardiologi
Hjerte- og lungeavdeling Haugesund, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Overlege
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du bli vår nye overlege innan kardiologi? Vi har ledig stilling frå 1. september 2024. Ansettelsestidspunkt kan endrast etter avtale.
Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga som igjen er ein del av medisinsk klinikk. Det er pr i dag 15 sengeplassar som er regna under fagområdet kardiologi, derav 6 sengeplasser regna til medisinsk intermediær overvaking (MIO). Totalt sett dekker avdelinga det aller meste av fagfelta innan hjartesjukdomar unntatt invasiv kardiologi og andre spesialiserte undersøkingar. Eininga har ansvar for innlegging av pacemaker i Helse-Fonna.
Det er stor aktivitet ved Hjarte poliklinikken som har ansvar for utreiing og oppfølging av pasientar med hjartesjukdomar i regionen. Det er etablert hastepoliklinikk for å gje raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom. Det er eit godt fagleg miljø innanfor fagområdet kardiologi. Det er totalt 6 overlegestillingar i tilhøyrande Hjarteseksjonen. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan kardiologi og intensiv. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vera del av stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Dagteneste ved hjartepoliklinikk og hjartepost.
- Vaktarbeid inkludert dagteneste på MIO.
- Overlegane går pr i dag 12-delt vakt i felles indremedisinsk vaktlag.
- Samarbeid på tvers av avdelingar og tverrfaglege yrkesgrupper.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer ein lege som er godkjend spesialist i kardiologi eller under utdanning i denne spesialiteten.
- Gode kunnskaper i generell indremedisin er nødvendig for å kunne delta i vakttjeneste.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- engasjerer deg for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din.
- har god fagleg vurderingsevne, arbeidar målretta og strukturert.
- kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.
Vi tilbyr
- Eit høgt fagleg nivå med rom for ytterlegare kompetanseutvikling.
- Ein aktiv avdeling med spanande og utfordrande oppgåver.
- Eit godt arbeidsmiljø.
- Å legge til rette for forskning og utvikling.
- Organisert internundervisning i hjartesjukdommar og i indremedisin.
- Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale.
Andre opplysningar
- Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd til andre sjukehus er påkrevd.
- Vi vil kunne bistå med å finne bolig i ein overgansperiode på 6 mnd.
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Eva Karin Schmidt, Avdelingsleiar, +47 45223879, eva.karin.schmidt@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4793616035
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.05.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618533
- Sist endret
16. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
18cc1162fd36420ca58ac390076648fd