Geoteknikar
Vi søker etter
deg som er ein initiativrik og samarbeidsorientert geoteknikkar til 100% fast stilling på
seksjonen for vegdrift ved fylkesvegavdelinga i Møre og Romsdal Fylkeskommune.
Du får jobbe med
- Geoteknisk sakshandsaming knytt til vegar, tunnelar og bruer både i plan, utførings- og driftsfasen.
- Geoteknisk prosjektering, rådgjeving og kontroll
- oppfølging i både plan-, bygge- og driftsfasen,
- planlegging og oppfølging av grunnboringar i felt
- oppfølging og sikringstiltak av skredhendingar i Møre og Romsdal fylkeskommune
Vi søker deg som
Har relevant høgare utdaning innan geoteknikk frå høgskule eller universitet. Relevant erfaring og gode resultat frå arbeidsområdet er ønskeleg. Du må ha førarkort klasse B.
Du er ein person som
- er resultatorientert og effektiv
- er strukturert
- har evne til å handtere innspel og engasjement frå dei det gjeld/partar
- har evne til å uttrykke deg godt og presist både skriftleg og munnleg
- har samarbeidsevner og kunnskap om relevante IKTsystem
Vi tilbyr
- deg ei utfordrande og spanande stilling ved Campus Kristiansund
- eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
- god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
- offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
- løn etter avtale
Om arbeidsplassen
Seksjon for vegdrift sørger for dagleg drift og vedlikehald av fylkesvegane, og har samtidig ansvar for asfalt, tunnelar, beredskap og geologi/geoteknikk. Avdelinga tar også hand om styrings- og strategioppgåver.
Denne stillinga vil ha kontorstad ved Campus Kristiansund.
"Campus Kristiansund skal bli ein felles campus for utdanning, forsking og innovasjon. Her samlar vi kompetanse frå
næringsliv, offentleg sektor, høg- og fagskule og forskingsinstitusjonar i eit tverrfagleg og nyskapande miljø. Delar av
miljøet er alt etablert i midlertidige lokale i Kristiansund sentrum, fram til første byggetrinn står klart i 2023. Meir
informasjon finn du på www.campusksu.no.
Møre og Romsdal fylkeskommune er ein viktig aktør i Campus Kristiansund, og byggjer opp eit tverrfagleg
kompetansemiljø med om lag 40 stillingar. Dette kompetansemiljøet er ein del av den samla fylkesadministrasjonen i
Møre og Romsdal".
Andre opplysningar
Vi har som mål å spegle mangfaldet i befolkninga. Alle med kompetansen vi etterspør er velkomne til å søke ledig
stilling hos oss.Vi brukar nynorsk som administrasjonsspråk, og du vil få opplæring om du treng det.
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.