Rådgjevar styrande dokumentasjon, kvalitet og pasienttryggleik
Forskings- og utviklingsavdelinga/ FoU, Seksjon for pasienttryggleik, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Rådgjevar styrande dokumentasjon, kvalitet og pasienttryggleik
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du bidra i arbeidet med å betre kvalitet og pasienttryggleik ved Haukeland universitetssjukehus, mellom anna styrande dokumentasjon? Då kan dette vere jobben for deg!
Dette er i utgangspunktet ein 100% stilling, men ved dei rette søkjarane kan vi vurdere å dele henne i to 50 % stillingar.
Pasienttryggleik har eit overordna ansvar for delar av sjukehuset sitt kvalitetssystem, og skal bidra til at leiinga og einingane i sjukehuset oppfyller krav til forsvarleg verksemd i alt vi gjer, inkludert pasientbehandling, forsking og utdanning, jf. Forskrift om leiing og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenesta.
Som rådgjevar i eininga vil du leia teamet som jobbar med Elektronisk Kvalitetshåndbok (EK), som er det digitale systemet vårt for styrande dokumentasjon, men også med metodebok.no og andre kjelder til kvalitetssikra informasjon og kompetanseutvikling. Om ønskjeleg, vil du kunne få jobba med andre oppgåver på tvers i eininga og i Forskings- og utviklingsavdelinga, som rådgjeving og oppfølging av uønskte hendingar, systemrevisjonar, eksterne tilsyn, risikostyring og/ eller forbetringsarbeid blant
anna knytt til legemedelbruk i sjukehuset. Dette er ei stilling med faglege utfordringar og gode utviklingsmoglegheiter.
Vi søkjer etter ein dyktig, verdiorientert og driftig rådgjevar med god organisasjonsforståing og med kompetanse i systematikk, kategorisering, tilrettelegging og formidling av informasjon gjennom digitale system som EK og andre kjelder til kvalitetssikra informasjon. Du må kunne setje deg inn i nye kunnskapsfelt, og bidra til at våre leiarar og medarbeidarar får enkel og sikker tilgang til relevante og naudsynte styrande dokument. Du må kommunisere og samarbeide godt med ulike einingar, kompetansemiljø og fagfolk i sjukehuset.
Pasienttryggleik er ein del av Forskings- og utviklingsavdelinga i sjukehuset. Eininga har 27 tilsetje med bakgrunn frå medisin, helsefag, jus, ingeniørfag og andre fag. Vi støttar leiinga og alle einingar i sjukehuset innan følgjande område:
Pasienttryggleik og kvalitetsforbetringsarbeid
Smittevern
Antibiotikastyring og legemiddeltryggleik
Styrande dokumentasjon
Systemrevisjonar, risikostyring, melding/ varsling, analyse og oppfølging av uønskte hendingar
Tilsynssaker, pasientklager og saker til Norsk pasientskadeerstatning
Saksbehandling av utlandsbehandling
Eininga deltar og i ulike lokale, regionale og nasjonale utviklings- og forskingsprosjekt.
Arbeidsoppgåver
- Leie arbeidet i sentral EK-gruppe i sjukehuset og yte brukarstøtte i EK
- Arbeid med forbetringar og vidaretuvikling av EK som informasjonssystem
- Halde opplæring og kurs i EK og produsere og vedlikehalde opplæringsprogram og brukarrettleiing
- Bidra i andre aktivitetar som Pasienttryggleik og Forskings- og utviklingsavdelinga har ansvar for
- Ha god dialog og samarbeid med leiinga og einingane i sjukehuset
Du må ha
- Relevant høgare utdanning får høgskule/universitet, gjerne på masternivå, men ikkje nødvendig
- Erfaring frå opplærings- og kommunikasjonsarbeid
- Erfaring frå arbeid med styrande dokumentasjon og kvalitetsstyring i komplekse organisasjonar
- Erfaring frå arbeid med bibliotek, arkiv eller strukturert informasjon er ønskjeleg
- Erfaring frå prosjektarbeid og forbetringsarbeid
- Ferdigheiter i vanlege office-verktøy og forståing for IKT-system, som databasar og liknande, er nødvendig
- Arbeidserfaring frå sjukehus er ønskjeleg, men ikkje nødvendig
Vi tenker at du
- har god forståing av arbeidet knytt til kvalitet, kvalitetssystem og informasjon i komplekse organisasjonar
- er serviceinnstilt og omgjengeleg, og har evne til samhandling i ein stor organisasjon
- er lyttande og har gode kommunikasjonsevner på norsk, båe munnleg og skriftleg
- likar teamarbeid, men òg å arbeide sjølvstendig
- er ansvarsmedviten og har høg arbeidskapasitet
- er systematisk og har evne til å arbeide effektivt, målretta og strukturert
Vi tilbyr deg
- Spanande, varierte og meiningsfylte oppgåver
- Fagleg og personleg utvikling
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø
- Høve til å påverke utviklinga av helsetenesta
- Arbeidsplass på Haukelandsområdet
- Fleksibel arbeidstid
- Løn etter avtale og ei god pensjonsordning
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemalsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse i søknaden (https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet). Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Ingrid Smith, Seksjonsleiar, 92802540Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4853527825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2733622
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ac3eb633aa43492386c981ea1ec90d81