Helsefagarbeidar
Radiologi Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du vår nye Helsefagarbeidar ved Radiologi Volda?
Vi søkjer ein dyktig og fagleg engasjert helsefagarbeidar til 100 % fast stilling.
Du må trivast med å arbeide sjølvstendig, men må og kunne samarbeide i team.
Radiologisk avdeling Volda har ein CT, ein MR, tre skjelett-labar, ultralyd og osteodensimetri. Vi har ei stabil arbeidsgruppe og eit livleg arbeidsmiljø. Det er pr. i dag 17 radiografstillingar ved seksjonen, der 15 går i rullerande 3-delt turnus.
Volda sjukehus har traumefunksjon og det skjer ei stor utvikling ved sjukehuset med utviding og oppgradering. Radiologisk avdeling Volda har ny Siemens MR.
Midt i det beste Norge kan by på av fjord og fjell finn du Volda. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane som byr på alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi byr også på eit særs blomstrande kultur- og idrettsliv og eit framoverlent høgskule miljø. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Bergen og Oslo frå Ørsta/Volda lufthamn.
Sjå meir om Volda her: https://www.youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY og her: https://www.youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY-
Vi ber om at vitnemål og attestar/tenestebevis frå evt. tidlegare arbeidsforhold blir lasta opp som vedlegg til CV/søknad
Arbeidsoppgåver
- Du må like å jobbe med data og bruke det datasystemet vi har til å registrere pasienter, scanne og sende bilder, dokumentere.
- Vere med å forberede pasientar, tilrettelegge og delta på ultalydundersøkingar saman med radiolog.
- Planlegge og sette opp undersøkingar i løpet av dagen. Samhandle med avdelingar på sjukehuset
- Delta i oppfølging og implementering av interne rutiner og retningslinjer.
- Andre forefallande arbeid og oppgåver som vert lagt til stilinga.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Gode skriftlege og munnlege norsk kunnskaper
- Autorisert helsesekretær eller interesserte med annan helsefagleg bakgrunn kan og søkje stillinga.
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, har fagkunnskap, har god orden og er løysingsorientert
- Du har evne til å jobbe i team og i samarbeid med andre profesjonar.
- Du medvirkar til eit trygt og godt arbeidsmiljø
- Du har stor arbeidskapasitet og trivast i ein variert arbeidskvardag med periodevis høgt arbeidstempo og kan omstille deg raskt
- Å vere personleg eigna vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Ingunn Petrine Flo, Seksjonsleiar, 70058278, Ingunn.flo@helse-mr.noArbeidsstad
Kløvertunvegen 16103 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4797903640
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.05.2024
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2628550
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c7dc460460c74332abfe5e60877c6c5f