Planleggar
Sektor for samfunnsutvikling, Plan, byggesak og geodata
Rådhusplassen 5, 6060 Hareid
Om jobben
Stillingstittel
Planleggar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi styrkar teamet vårt med ein planleggar, og ser etter deg som vil vere med og utvikle kommunen vår vidare.
Arealplanlegging handlar om å forme samfunnet, og det er viktig å forstå korleis samfunnet fungerer og kva for trendar som påverkar utviklinga. I eininga vår jobbar vi mellom anna med kommunalt planarbeid, byggesaker, arbeid etter matrikkellova, forvaltning og drift av kommunen sine kartbasar.
Arbeidsoppgåver
- sakshandsaming og oppfølging av private og kommunale reguleringsplanar
- kommuneplanarbeid
- fornye eldre reguleringsplanar
- arbeid med planregister og planbase
- andre kommunale planoppgåver
Kvalifikasjonar
- relevant utdanning frå universitet eller høgskule (til dømes arealplanlegging, samfunnsplanlegging, by- og regionplanlegging, fysisk planlegging og arkitektur og liknande
- kompetanse/erfaring med fysisk planlegging og reguleringsplanarbeid
- det vil vere ein fordel med GIS-kompetanse
- god kjennskap til plan- og bygningslova, i tillegg til anna relevant lovverk innan planleggingsfeltet.
- personleg godt eigna til stillinga.
Vår nye lagspelar er
- samfunnsengasjert og interessert i fagleg utvikling
- nysgjerrig og initiativrik
- målorientert med høg gjennomføringsevne
- sjølvstendig med gode samarbeidsevner
Vi tilbyr
- utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i eit positivt og humørfylt arbeidsfelleskap
- gode kollegaer
- fleksibel arbeidstid etter gjeldande reglement
- tilsettinga på vanlege kommunale vilkår
Du må søkje digitalt, og laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå den informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga.
Hareid kommune legg ut offentleg søkjarliste. Vi praktiserer meiroffentlegheit i tilsettingar og du må difor grunngi særskilt om du ønskjer å bli unnateke offentlegheit på denne lista. Vi vurderer ønsket ditt opp mot offentleglova. Dersom vi ikkje kan oppfylle dette, vil vi ta kontakt.
Kontaktinformasjon
Cecilie Breiteig Liavaag, Einingsleiar, +47 91557327Arbeidsstad
Rådhusplassen 56060 Hareid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sektor for samfunnsutviklingReferansenr.: 4833594652
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.08.2024
Om bedriften
Hareid kommune har 5303 innbyggarar, og ligg sentralt på Sunnmøre i eit knutepunkt mellom Ålesund og bygdebyane rundt. Kommunen er i vekst og har skapt eit livskraftig samfunn på Hareidlandet i godt samarbeid med engasjerte innbyggjarar og gode naboar.
Hareid kommune er ein god arbeidsplass, og ein god kultur- og bukommune i ein sterk og rik arbeidslivsregion.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2693305
- Hentet fra
talentech
- Referanse
96a6cfc4c2e44f5eb1c0344a816a728b