Miljøterapeut - nattevakt 80 % - vikariat
Informasjon om stillinga og arbeidsstaden
Sogn og Fjordane ungdomsenter, avd. Meltunet har ledig eit vikariat i 80 % stilling som miljøterapeut i nattevaktstilling. Veke- og helgevakter må påreknast. Vikariatet er i samband med eit svangerskap, og er ledig frå 23. juli 2021 til 27. februar 2022, med moglegheit for forlenging. Ved intern overgang kan det verta ledig anna vikariat.
Sogn og Fjordane ungdomssenter har to avdelingar, Meltunet i Nordfjordeid og Bregnetunet i Førde. Vi tek imot barn og unge etter barnevernloven §4-4, 6. ledd og 4-12.
Institusjonen gir behandlingstilbod til ungdom mellom 14 og 18 år. Den optimale opphaldstida er 6-12 månader, men kan utvidast etter individuelle planar og behov.
Meltunet er flott geografisk plassert, og knytt til eit småbruk i Nordfjordeid sentrum, Stad kommune.
Sjå meir informasjon på vår heimeside: Meltunet
Kva vil arbeidstida di bestå av?
- På Sogn og Fjordane ungdomssenter jobbar ein i eit traumebasert perspektiv gjennom Målstyrt miljøterapi - og kor ein har fokus på målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senteret sine retningsliner, og fagleg rettleiar.
- Ein jobbar for å motivere og engasjere ungdom for endringsarbeid og positive aktivitetar, samt sikre at ungdomane får medverke i eige liv, og oppleve tryggleik og trivsel medan dei bur hos oss.
- Som ansatt skal ein samarbeide med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
- Som miljøterapeut må ein gjere skriftleg dokumentasjon som rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon via intern dokumentløysing.
- Har ein hovudkontaktansvar, må ein til dømes bruke kartleggingsverktøy, utarbeide handlingsplanar og retningsliner, rapportar, og gjennomføre strukturerte samtalar og sikre medverknad av ungdomane i alle ledda i arbeidet.
- I tillegg vil det vere praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdelinga.
- Delta i overlapping ved vaktskifte, ansvar for praktiske oppgåver og rutiner i institusjon.
Kva slags bakgrunn har du?
- Det er ønskeleg med treårig relevant høgskuleutdanning tilsvarande 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
- For kandidatar med lang relevant erfaring kan søkjarar med anna utdanning vurderast.
- Det vert lagt vekt på erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon, fortrinnsvis med ungdom som målgruppe/arbeid med ungdom med utfordrande åtferd.
- Krav om førarkort for personbil, med manuelt gir.
- Det vert lagt vekt på erfaring innan Traumebevisst omsorg.
- Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar
- Det er ein fordel om du har god kunnskap om bruk av IT-verktøy.
- Det er ønskjeleg at du har kjennskap til Rettighetsforskriften.
- Det er ønskjeleg med kjennskap til ART, og bruk av dyr i arbeid med barn og unge.
Kven ser vi etter?
Vi søker deg som
- har evne til å ta ansvar, og som er sjølvstendig og trygg i vaksenrolla
- kan ivareta ungdom og deira behov, samstundes som du kan oppretthalde god struktur og fagleg perspektiv
- er fleksibel og trivst med utfordringar
- har evne til å nytte traumebevisst tilnærming i møte med ungdom
- har fokus på brukarmedverknad og familie- og nettverksarbeid
- har gode evner til å bygge relasjon
- har evne til å ta imot rettleiing, og å gjere seg nytte av denne
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- har gode evner til samarbeid
Kva får du hos oss?
- Arbeidstid etter den til einkvar tid gjeldande turnus.
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ som kode 1494 sosionom, 1495 barnevernspedagog, 1508 vernepleiar i lønsramme 15, alt. 5 - 11, p.t. kr 396 900 - 534 400 pr. år (ltr. 40 - 59). For desse stillingskodane er det krav til fullført utdanning som sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar.
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan stillingane plasserast i stillingskode 1509 spesialutdanna vernepleier, 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, lønsramme 18, alt. 5 - 11, p.t. kr 468 300 - 563 900 pr. år (ltr. 51 - 62) eller kode 1173 klinisk sosionom og 1496 klinisk barnevernspedagog lønsramme 18 alt. 7 - 11, p.t. kr 468 300 - 563 900 pr. år (ltr. 51- 62).
- Stillingskode 1203 fagarbeidar med fagbrev som omsorgsarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar lønast i lønsramme 11 alt. 7 - 11, p.t. kr 364 800 - 407 900 pr. år (ltr. 33 - 42) eller stillingskode 1486 miljøarbeidar, i lønsramme 04, alt. 5 - 11, p.t. kr 333 000 - 413 500 pr. år (ltr. 25 - 43).
- Stillingskode 1488 miljøterapeut lønsramme 17, alt. 3-11, p.t. kr 364 800 - kr 468 300 pr. år (ltr 33 - 51). For denne stillingskoden er det krav til treårig vidaregåande skule, samt relevant minimum toårig utdanning, med fullført minst 90 studiepoeng.
Dessutan kan vi tilby:
- Arbeid på institusjon med godt arbeidsmiljø og fagleg høg standard, med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver.
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring. Turnustillegg kjem i tillegg til grunnløn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som innebærer ein god tenestepensjonsordning, tilbod om bustadlån til konkurransedyktig betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Kontaktinformasjon
Einingsleiar Ragnhild E. Øvrebotten, tlf. 976 48 956
Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.
Vitnemål og attester med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takast med ved eit eventuelt intervju.
Opplysningar til deg som søker
- Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillinga er for tida lagt til Sogn og Fjordane ungdomssenter, avd. Meltunet.
- Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 6-10, og forskrift om politiattest § 6. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
- Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.
Om bedriften
Om Bufetat
Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar og Bufetat Senter for administrasjon og utvikling rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.
Bufetat, region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sogn og Fjordane ungdomssenter er ei institusjonseining for barn og unge i alderen 12 - 18 år(20 år) som treng eit mellombels institusjonsopphald eller ein statleg familieheim.
Eininga er organisert i 2 institusjonsavdelingar, Bregnetunet i Førde og Meltunet på Nordfjordeid. Sogn og Fjordane ungdomssenter har også eiga avdeling for familieheimar.
Sogn og Fjordane ungdomssenter, avdeling Meltunet på Nordfjordeid, har 4 plassar for ungdom. Institusjonen ligg sentralt på Nordfjordeid på eit lite garsbruk med dyr.