Har du erfaring med BIM og er på jakt etter en spennende jobb
Drift/teknisk divisjon/ Teknisk avdeling/ Vedlikeholdsstyring og teknisk informasjon, Helse Bergen
Haukelandsveien 32, 5096 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Har du erfaring med BIM og er på jakt etter en spennende jobb
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
God vedlikehaldsstyring og dokumentkontroll er nøkkelkriterium for å oppnå ein sikker og effektiv drift av sjukehuset. Vi har ambisjonar om å vere i fremste rekke i bruk av moderne IT-verktøy og skal i løpet av 2024 innføre nytt FDVU-system som vil gje eit betre planverk for våre drift- og vedlikehaldsoppgåver i tillegg til teknisk dokumentasjon. Seksjonen har òg ansvar for å representere Teknisk avdeling i ulike prosjekt og fremme avdelingas behov.
Teknisk avdeling forvaltar Helse Bergen si eigedomsmasse og dei allmenntekniske anlegga. I tillegg til bygningsmessig drift og vedlikehald, har avdelinga også ansvar for sjukehusets tekniske infrastruktur og uteområde og drift og vedlikehald av ein del produksjonsutstyr. Teknisk avdeling er lokalisert ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen, men ca. 25 av avdelingas tilsette er lokalisert ved Sandviken, Voss og Kysthospitalet i Hagevik. Avdelinga ønsker å sikre medarbeidarane ein trygg og god arbeidsplass som igjen er med på å gje ei best mogleg pasientsikkerheit for Helse Bergen. Hos oss får du høve til å kombinere høg fagleg kompleksitet i ein verdifull samanheng.
Arbeidsoppgåver
- Oppdatere eksisterande BIM-modellar i Revit
- Oppdatering av dRofus database
- Ansvar for VVS-dokumentasjon i Helse Bergen HF sitt digitale teikningsarkiv Meridian
- Oppdatere VVS-teikningar, prosedyrar og retningslinjer for Helse Bergen HF
- Kontroll av leveranse frå prosjekt for VVS-faget i både AutoCAD og Revit
- Kontroll av IFC-modellar i Solibri
- Bistå som BIM-rådgivar for VVS-faget for ivareta eigenrinteresser til Helse Bergen
- Bistå med utvikling av BIM-manualen til Helse Bergen for VVS-faget
Kvalifikasjonar
- Krav om relevant utdanning innan fagskole/ingeniør VVS
- Erfaring med modellering i Revit og relevante plug-ins; MagiCAD og Naviate
- Erfaring med/kjennskap til Solibri og dRofus
- Kjennskap til FDVU-dokumentasjon
- Generell gode datakunnskapar
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Personlege eigenskapar
- Du arbeider strukturert, effektivt, nøyaktig og er resultatorientert
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er serviceinnstilt, engasjert, ser moglegheiter der andre ser problem og har godt humør
- Du set deg raskt inn i nye oppgåver og har lyst til å vidareutvikle deg og lære deg nye program
Vi tilbyr
- Lønn etter avtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Fagleg og personleg utvikling
- Personalbarnehage
- Kompetanseutvikling
- Introduksjonskurs
Mangfaldserklæring
Vi ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Henriette Olderøy, Seksjonsleiar, 40066106Arbeidsstad
Haukelandsveien 325096 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4808336338
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2024
Kontaktperson for stillingen
Henriette Olderøy
Seksjonsleiar
40066106
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2638379
- Sist endret
24. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
24a65e55d7b14f9c8b1d47c038296780