Sjukepleiar eller vernepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4452843810 Presentasjon av stillingen:
Vi i helse- og omsorgsetaten i Ulstein kommune vil rekruttere til og styrke bemanninga vår ved å tilsette sjukepleiarar og/eller vernepleiarar i ressursbanken.
I ressursbanken har du fast stilling og du får fast turnus. Stilling i ressursbanken vert kombinert med stilling i ei bestemt avdeling. I ressursbanken er du tilgjengeleg for arbeid i dei ulike avdelingane på sjukeheimen, i heimebasert omsorg eller i nattenesta og gå inn i ledige vikariat etter behov.
I nær framtid vil vi også ha behov for sjukepleiar på korttidsavdelinga og på demensavdelinga på sjukeheimen. Det betyr at det på sikt og om ønskeleg vil kunne bli mogleg å endre arbeidsstad frå ressursbank til fast avdeling.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene varierer mellom dei ulike avdelingane.
Kvalifikasjonar
Offentleg godkjenning som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med vidareutdanning i rehabilitering og geriatri. Nyutdanna er også velkomne til å søkje.
Førarkort for klasse B.
Ønske å arbeide i 100% stilling.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som vil ha ein spennande jobb i kommunehelsetenesta, som er fleksibel og nysgjerrig på å prøve ut ulike arbeidsplassar og avdelingar.
Du må både kunne arbeide sjølvstendig og fungere godt i samarbeid med andre.
Du må kunne norsk godt, både munnleg og skriftleg.
I stillingane er det krav om tilfredstilliande politiattest av nyare dato.
Vi tilbyr
Regulert løn og avtalevilkår.
Ekstra tillegg for arbeid på demensavdeling og natt.
Eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Alternative turnusar, som til dømes langvakter.
Aktiv bruk av moderne velferdsteknologi.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Kontaktinformasjon
Gunn Helen Hauge Muren, Einingsleiar 4, 98230615
Arbeidssted
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter
6065 ULSTEINVIK
Søk på stillingen:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver:Helse- og omsorgsetaten
Referansenr.:4452843810
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.12.2021
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.