MIljøterapeut, inntil 150 % fast stilling
Hemsedal kommune
Bråtenjordet
Om jobben
Type ansettelse
Annet, heltid
Vi har ledig faste stillingar som miljøterapeut p.t. Bråtenjordet frå 1.august / 1.september 2019.
Stillinga vil innebere å jobbe med born og vaksne med behov for praktisk bistand/miljøarbeid. Stillinga inngår også som del av eit team rundt enkelte barn og vil i skuletid /barnehagetid, hjelpe spesialpedagog med fagleg tilrettelegging Det vil og vere brukarar som er fysisk aktive. Det er derfor nødvendig med god helse. Helse- og omsorg ønskjer å nytte kompetanse på tvers, så det kan også bli tillagt andre arbeidsoppgåver.
Arbeidet inneber turnus med dag/kveld/natt arbeid. Ein del av vaktene er organisert som døgnarbeid og lange vakter på over 7.5time. Turnusen kan gi opning for justering i stillingsprosent, oppgi derfor kor stor stilling du ønskjer i søknaden.
Hovudarbeidsområde/arbeidsoppgåver:
Arbeidsoppgåver vil vere å sørgje for at det sosiale miljøet og kvardagen er lagt slik til rette at det kjem personar med spesielle behov til gode på best mogleg måte. Aktivisering, motivasjonsarbeid og bistand til daglege gjeremål blir
viktig, også som ein del av undervisninga i skuletida. Arbeidsoppgåver vil krevje at den tilsette blir kjent med fagoppgåver slik som PECS, avtalestyring og EIBI. Det vil bli gitt opplæring på det.
Vi ønskjer personar som:
- er medspelar i eit team med fokus på miljø- og målretta arbeid og kvardagsmeistring
- er open, omgjengeleg og som lett kjem i kontakt med andre
- evner å sjå menneskets ressursar og moglegheiter samt sette seg inn i andre sin livssituasjon
- gode vurderings- og samarbeidsevner samt evne til å takle konfliktar og skuffelsar
- har initiativ og kompetanse i planlegging av målretta tiltak og erfaring frå systematisk miljøarbeid
- har fagleg engasjement med fokus på kvalitet
- er fleksibel og kan arbeide sjølvstendig og strukturert
- opptatt av refleksjon rundt eiga praksis
- kan gje og ta imot rettleiing
- medverkar til eit positivt arbeidsmiljø, både fagleg og sosialt
- har kjennskap til Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester Kap. 9
Kvalifikasjonar:
Vi søkjer etter miljøterapeutar/miljøarbeidarar med relevant høgskuleutdanning innan helse og omsorg, gjerne autorisert vernepleiar/sjukepleiar. Relevant erfaring i arbeid med personar som har funksjonsnedsetjing og utviklingshemming ser vi på som viktig. Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar som evne til samarbeid, fleksibilitet og arbeidsglede.
Søkjarar med anna relevant utdanning og realkompetanse kan vurderast. Det er krav om god munnleg og skrifteleg
framstillingsevne.
Det er krav om sertifikat kl B.
Vi kan tilby:
Kommunen vil i samarbeid med andre tenester tilby nødvendig rettleiing og kompetanseheving.
Turnusen kan gi opning for justering i stillingsprosent, oppgi derfor kor stor stilling du ønskjer i søknaden.
Generell informasjon:
- Søkjarlister er offentlege
- Søknader skal registrerast elektronisk på vår webside.
- Vitnemål og attester som ikkje er lasta opp elektronisk, vil ikkje bli returnert
- Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
- Medlemskap i Kommunal landspensjonskasse (KLP) / Statens pensjonskasse
- Det er for enkelte stillingar krav om helseattest, autorisasjon m.v.
- Det er krav om poiltiattest jf forskjellig lovverk i dei forskjellige sektorane
- Vi oppfordrar til likestiiilng og rekruttering av arbeidstakarar med ulik bakgrunn jf HA § 7
Elektronisk søknadsprosess:
Vi tek i mot søknader fortløpande. Ved elektronisk søknad vil det automatisk bli generert ein CV utifrå opplysningane som blir lagt inn. Vi oppmodar om at du laster opp vitnemål og attestar som ein del av den elektroniske søknaden, da
dei er grunnlag for plassering i stillingskode og ved fastsetjing av årsløn. Det kan alternativt sendast ein rettkjend kopi til Hemsedal kommune. Referansar vil bli innhenta.
Kontakt postmottak@hemsedal.kommune.no ved utfordringar i søknadsprosessen. Vi ser fram til å motta din søknad og ønskjer deg velkommen som søkjar her hos oss i Hemsedal kommune.
Andre ledige stillingar i Hallingdal (NAV)
Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål er dei seks kommunane i Hallingdal. Vi har eit godt samarbeid og avstanden mellom oss er slik at det er mogleg å bu i ein kommune og jobbe i ei anna kommune.
På vår webside under linken Hallingdal finn du dei andre kommunane i Hallingdal sine websider. Der kan du søke deg fram til å finne ledige stillingar for den enkelte kommune. Stillingar blir også lagt ut på www.nav.no, og der finn du også stillingar som ikkje er kommunale.
Om bedriften
Hemsedal kommune er ei fjellbygd i Hallingdalsregionen, med omlag 2500 innbyggjarar. Kommunen er møtet mellom aust og vest med 9 mil til Lærdal og Sognefjorden, 3 mil til Gol, Bergensbanen og Riksveg 7. Kommunen har auke i folketalet og ei spennande reiselivsutvikling parallelt med eit livskraftig landbruk og eit rikt og mangfaldig kulturliv. Alpinsenteret er vel kjend samstundes som uberørte naturområde er kjelde til glede, både sommar som vinter; på ski, med fiskestong eller jaktutstyr, på sykkel eller til fots.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
329233
- Sist endret
5. mai 2019
- Hentet fra
Hemsedal kommune
- Referanse
enterprise.hdnett.no/HE_recruitment/opening?0?276