Barne- og ungdomsarbeider/ Assistent på Hovden
Fjellgardane skule/sfo ligg på Hovden i Setesdal og er ein 1-7 skule og har om lag 50 elevar. Bykle kommune har gode skular og ønskjer seg ein fagarbeidar/assistent som kan vere med å gjere sitt til at vi blir endå betre. Vi har kantine på skulen, og ein dag i veka har vi uteskule. Den som blir tilsett skal jobbe både på skulen og på sfo.
Det er ledig 1 vikariat i 100 % stilling f.o.m. 01.08.22 t.o.m. 31.07.23
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og delta i aktivitetar på sfo og i skulen
- Vere aktiv i uteaktivitetar
- Vere med å utvikle eit godt og heilskapleg tilbod til elevane.
- Sørge for eit trygt, godt og inkluderande miljø for elevane
Kvalifikasjonar
- Fagbrev, barne- og ungdomsarbeidar
- Relevant erfaring kan erstatte den formelle kompetansen
- God norskkunnskap, skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Initiativrik, gode samarbeidsevner og kan jobbe sjølvstendig og strukturert.
- Løysingsorientert og fleksibel
- Evne til å bygge gode relasjonar
- Likar friluftsaktivitetar
- Lagspelar som er engasjert og motivert
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordingar
- Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
Krav om godkjent politiattest ved tilsetting.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. Det vert trekt 2% pensjonsinnskot.
Bykle kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss.
Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men då må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før offentleggjering.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljararDet vert kravd politiattest for tilsetting i stillinga.
Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter. Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar
Kontaktinformasjon
Rønnaug Torvik, Tenesteleiar, 48894317, ronnaug.torvik@bykle.kommune.noArbeidsstad
Skulevegen 414755 Hovden i Setesdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Bykle kommuneReferansenr.:4519388679
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 22.05.2022
Om bedriften
Bykle kommune har om lag 970 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal. Det er 18 mil til Kristiansand, 18 mil til Stavanger (sommar) og 30 mil til Oslo og Bergen. Kommunesenteret er Bykle, medan Hovden er eit godt utbygd turistsenter. Barnehagen, skulen og SFO er godt utbygd. Vi har og vidaregåande skule. Fritidstilboda er mange og varierte både sommar og vinter, med mellom anna godt utbygde anlegg vintersportsenteret Hovden.