Helsesekretær/sekretær
Kontor medisin Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Herman Døhlensvei 1, 6508 Kristiansund N, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. desember
Vi er per i dag ein liten seksjon med 14 årsverk som skal vekse. Ved innflytting til det nye sjukehuset SNR Hjelset våren 2025 blir kontorseksjonane i Kristiansund og Molde slått saman, med felles leiar. Kontorseksjonen vil levere tenester til SNR Hjelset, SNR Kristiansund og ein satellitt i Molde by.
Seksjonen tilbyr tenester til poliklinikkar, ekspedisjonar, inntakskontor og døgneiningar innan medisinsk, nevrologisk, onkologisk poliklinikk, og andre.
Vi står framfor ei spennande framtid med nytt akuttsjukehus og DMS i Kristiansund.
Høyrest dette interessant ut, og du kjenner at dette kunne passe for deg? Då er du hjarteleg velkomen til å søke!
Søknaden sender du via Webcruiter, og vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknaden.
Tiltreding: Snarast mogleg
Arbeidsoppgåver
- Interessante og utfordrande oppgåver innan pasientadministrasjon og logistikk
- Arbeid tett på pasientar og behandlarar
Kvalifikasjonar
- Ønskjeleg med relevant utdanning og erfaring
- Autorisasjon som helsesekretær er ein fordel, men ikkje eit krav
- Kjennskap til Helseplattformen er ein fordel
Personleg eignaheit til stillinga vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Positiv og med gode samarbeidsevner
- Ansvarsbevisst og effektiv
- Fleksibel
- Evne til å handtere ein hektisk arbeidskvardag
- Fagleg engasjert og initiativrik
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Inger Hargaut, Seksjonsleiar, inger.johanne.hargaut@helse-mr.noArbeidsstad
Herman Døhlensvei 16508 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4894662288
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2814598
- Hentet fra
talentech
- Referanse
28e88396760e474ab22560444510b588