Helsesekretær / Sekretær - Medisinsk kontor avdeling - Molde sjukehus - Helse Møre og Romsdal HF
Vi har ledig fast stilling som helsesekretær/sekretær i 100 % stilling frå 31.05.2019.
Stillinga vil f.t vere på inntak poliklinikk ved medisinsk avdeling.
Det arbeidar 29 helsesekretærar i seksjonen. Vi betjener sengepostar, ekspedisjonar, poliklinikkar og inntakskontor ved medisinsk, nevrologisk og
fys/rehab avdelingar i Molde.
Som tilsett i kontorseksjonen vil du få utføre interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø. Vi jobbar nær pasientar og pasientbehandlarar i både poliklinikker, sengepostar og inntakskontor.
Kvalifikasjonar
- Søkjarar med relevant erfaring blir prioritert
- Fordel om ein er vand med å bruke MyWay2PAS og DocuLive
Personlege Eigenskapar
- Evne til å jobbe i ein hektisk kvardag
- Er positiv og har gode samarbeidsevner
- Fagleg engasjert
- Ansvarsbevisst
Vi tilbyr
-
Eit godt og positivt arbeidsmiljø
-
Løn etter overeinskomst
-
Medlemskap i pensjonsordning, 2% pensjonstrekk, yrkesskade forsikring, gruppelivsforsikring og tjenestereiseforsikring
-
Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no.
Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV
Kontaktinformasjon
Britt Mordal, Seksjonsleder, (+47) 90171544, britt.jorunn.mordal@helse-mr.no
Arbeidsstad
Molde
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Helse Møre og Romsdal HF
Ref. nr.:2019/1260
Stillingsbrøk: 100%
Fast
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 01.04.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=4024547560&company_id=3638416019&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere 'På lag med deg for helsa di'. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt ni behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.