Vil du vere del av eit kontorteam som jobbar på tvers av avdelingane?
Ål kommune Stab
Torget 1, 3570 Ål
Om jobben
Stillingstittel
Konsulent – 80% vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. desember
Har du kompetanse eller interesse for arbeidstidsplanlegging / turnus?
Link til søknadsskjema: Søk her
Me har ledig eit vikariat i første omgang 6 månader på inntil 80 % som konsulent for helse- og omsorgsektoren.
Arbeidsoppgåver- utarbeide bemanningsplanar og årsturnusar i samarbeid med avdelingsleiarar og tillitsvalte
- ferieplanlegging
- innleige og oppdekking av ledige vakter
- administrative og kontorfaglege oppgåver
- vere ein støttespelar for avdelingsleiarar
- tre-årig vidaregåande utdanning innan kontor og servicefag. Relevant realkompetanse kan erstatte kravet om formalkompetanse
- det er ønskjeleg med erfaring og kunnskap til arbeids- / turnusplanlegging
- kjennskap til gjeldande lov- og avtaleverk
- kompetanse og erfaring med administrativt arbeid
- gode datakunnskapar
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- du er pliktoppfyllande fleksibel og serviceinnstilt
- du er strukturert og nøyaktig
- du kan jobbe sjølvstendig og i team
- du er god på å finne løysningar og behalde roen i hektiske periodar
- du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Me tilbyr
- fagleg spanande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver, der få dagar er like
- god opplæring
- jobb i ein utviklingsorientert kommune og sektor med gode tilbod for innbyggjarane
- løn etter tariffavtale, gode pensjonsordningar og gunstige lokale tillegg for kompetanse og ansiennitet
Søknad og politiattest
- vitnemål og attestar legg du inn saman med søknaden
- intervju kan bli gjennomført fortløpande i søknadsperioden
- kommunen følgjer offentleglova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlista
Velkomen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Ål kommune er ein utviklingsorientert arbeidsgjevar for 650 engasjerte tilsette, som er opptekne av å gje tenester av høg kvalitet til alle innbyggjarar, store og små. I UNICEFS rapport om kvaliteten i oppvekst- og levevilkår, er Ål kommune blant dei 10 beste kommunane i Noreg.
Dei fleste av helse-og omsorgstenestene er lokalisert ved Ål helsesenter, som er samlokalisert med Hallingdal sjukestugu og prehospitale tenester. Me har moderne lokalar og god tilgang på teknisk utstyr. Ål helsesenter er samlingspunkt for små samankomstar og større arrangement. Me har eigen kafeteria som tilbyr kaffi, lunsj og middag. Kårstugu og Nigardstugu har ei rekkje aktivitetar som både bebuarar og heimebuande nyttar seg av. Dagsenter for eldre og dagsenter for kognitiv svikt er også lokalisert ved Ål helsesenter.
Det blir lagt til rette for å vidareutvikle sin kunnskap gjennom god opplæring, internkurs og vidareutdanning. Helse- og omsorgssektoren driv spanande prosjekter og utviklingsarbeid, som sett dagsaktuelle tema i fokus.
Me er også vertskommune for Hallinghelse, som er eit unikt fag- og utviklingsfellesskap for kommunane i Hallingdal.
Ål er ein spennande møteplass mellom aust og vest, med eit rikt mangfald av arbeidsplassar og fritidstilbod. Dette er draumeplassen for deg som likar friluftsliv, kultur og eit kortreist og køfritt kvardagsliv. Her gjev naturopplevingar sommar og vinter, kulturopplevingar og eit stort tal arrangement grunnlaget for det gode liv! Bu- og levekostnadene rimelegare enn i dei store byane, noko som gjer at du kan bruke pengane på å realisere draumane dine; anten det er å vere meir ute, reise eller skape noko sjølv. I Ål ønskjer vi å legge til rette for at nytilflytta kjenner seg sett, møtt og inkludert. Les meir på våre heimeside.
Ål er ein av dei beste kulturkommunane i Noreg. Kulturhuset tilbyr spanande og variert program for heile Hallingdal.
Ål kommune vart kåra til både Årets kulturkommune og Årets nynorskkommune i 2021!
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2812070
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3428919_211231_nn