Prosjektstilling
Barne- og ungdomsklinikken, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Prosjektstilling forsker
Type ansettelse
Prosjekt, deltid 20%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Barne- og ungdomsklinikken (BUK) er landets nest største barneavdeling, regionsjukehus på Vestlandet og førande i behandling av barnesjukdommar. Vi skal dekke lokale, regionale og enkelte nasjonale behov for spesialisthelsetenesta for barn og unge inntil fylte 18 år, og er lokalisert i Glasblokkene ved Haukeland universitetssjukehus.
Vi har eit kontinuerleg fokus på utvikling, samhandling og forbetring, og nyleg samla vi all utgreiing, behandling og oppfølging av barn innan somatikk og psykisk helsevern i Glasblokkene. Dette gjev nye og spennande moglegheiter for framtida.
BUK har 67 senger fordelt på fem seksjonar: Nyføddintensiv, Medisin A, Medisin B, Medisin C og Barnekirurgi. I tillegg har vi Seksjon for legar, Seksjon for kontor, Energisenteret, Habiliteringstenesta og Stab. I 2023 hadde vi totalt 350 årsverk, om lag 4 000 innleggingar og 33 000 polikliniske konsultasjonar.
Les meir om oss: Barne- og ungdomsklinikken
Ved Barneklinikken er det ledig ei mellombels stilling som forskar (20%) i eit halvt år. Stillinga er ekstern finansiert, og er for tida knytt til prosjektet “System dynamics approach Using Chemical Compounds to Elucidate the Structure of Polycystic Ovarian Syndrome (SUCCESS)”, finansiert av Novo Nordisk Foundation.
Arbeidsoppgåver
- Reprogrammering av pasientfibroblaster til induserte pluripotente stamceller (iPSCs)
- Målretta differensiering av iPSCs mot endokrine cellelinjer og organoider
- Genredigering og karakterisering av iPSC-baserte modellar med ulike teknikkar
- Deltaking i innhenting av klinisk informasjon og biobankmateriell
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha relevant norsk ph.d.-grad eller tilsvarande doktorgrad
- Forskaren må ha vitskaplege kvalifikasjonar innan stamceller, dyrking av inducerte pluripotente stamceller (iPSCs), og eit breitt spekter av celle- og molekylærbiologiske teknikkar. Dette inkluderer kompetanse innan flow cytometri, immunfarging, og omics-studier (inkludert dataanalyse)
- Erfaring frå forsking på metabolske prosessar vil og bli tillagt stor vekt
- Søkar må ha erfaring med rettleiing, undervisning og utarbeiding av prosjektsøknadar til sjølvstendig initiativ og evne til samarbeid blir vektlagt i vurdering av søkarane
- Den ideelle kandidaten publiserer på høgt internasjonalt nivå, kan referere til søknader og tilskot frå nasjonale og internasjonale finansieringskilder til forsking og utdanningsarbeid
- Kandidaten må ha høg arbeidskapasitet og entusiasme for forsking
- Søkar må vere særs god i munnleg og skriftleg engelsk
Personlege eigenskapar
- Ivareta forskingsetiske retningslinjer
- Systematisk og ryddig
- Pliktoppfyllande og kunne ivareta tidsrammer
- Engasjert, sjølvstendig
- Inneha god gjennomføringsevne
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
- Triveleg arbeidsplass med engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidslivsbedrift (IA-bedrift)
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Helge Ræder, Overlege, 47892554, helge.raeder@gmail.comMagne Juuhl, Assisterande klinikkleiar, 46932238, magne.juuhl@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4856450671
Stillingsprosent: 20%
Vikariat
Søknadsfrist: 06.10.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2743126
- Hentet fra
talentech
- Referanse
621bfe9a02044aa2a99db91c01fecdd3