Helsefagarbeidar til 100% fast stilling
Helse Bergen
Nordåsgrenda 4, 5235 Rådal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Faste stillingar for helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 3. desember
Helse Bergen treng fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar
Haukeland universitetssjukehus er eit av landets største og mest avanserte sjukehus. Vi jobbar for å fremme helse og livskvalitet. Når du blir tilsett i Helse Bergen, er det viktig for både oss og deg at du får ein trygg og god start. Vi tilbyr deg ein arbeidsplass med høg fagleg standard og moglegheiter for å vidareutvikle kompetansen din.
Det er ledig stilling ved ReHabiliteringsklinikken:
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) post 1, er ein del av ReHabiliteringsklinikken i Helse Bergen, og held til på Nordås. Avdelinga gir tilbod til pasientar som treng utgreiing, vurdering og rehabilitering i spesialisthelsetenesta. Tilbodet omfattar døgnbehandling, dagbehandling og poliklinikk.
Den ledige stillinga er ved Sengepost for hjerneslag og traumatisk hjerneskade. Pasientane her blir overført tidleg, som ein del av akuttforløpet. Som helsefagarbeidar får du arbeide både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper. Dette er ein kombinasjonsstilling der 75% er i AFMR og 25% i Bemanningssenteret. Oppstart etter avtale.
For stillinga er det krav om Norsk autorisasjon ved oppstart i stillinga. Aktuelle kandidatar blir fortløpande kalla inn til intervju.
Arbeidsoppgåver
- Omsorg og oppfølging av pasientar
- Samarbeid med sjukepleiar/legar og anna helsepersonell for å sikre heilhetleg behandling
- Rettleiing og støtte til pasientar, pårørande og lærlingar
- Bidra til eit positivt arbeidsmiljø og fagleg utvikling i teamet
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som helsefagarbeidar
- Erfaring frå sjukehus eller onkologi er ein fordel, men ikkje eit krav
- Gode kommunikasjonsevner og evne til å arbeide i team
- Engasjement for pasientbehandling og kontinuerleg læring
Personlege eigenskapar
- Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som har evne til å arbeide systematisk og målretta
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, men må også kunne jobbe sjølvstendig
- Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar, empatisk og omsorgsfull, med evne til å sette pasientane i fokus
Vi tilbyr
- Spennande arbeidsoppgåver med moglegheit for vidareutdanning
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Du vil inngå i drifta ved avdelinga
- Du vil delta i eit tverrfagleg samarbeid om å gi pasientar og pårørande eit best mogleg opphald på avdelinga
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Sparre, Seksjonsleiar, 55918410Arbeidsstad
Nordåsgrenda 45235 Rådal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4887782679
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Lisbeth Sparre
Seksjonsleiar
55918410
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2795393
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ee0c494e846e4e42b819bf9c684a526c