2. gongs utlysing
Fjaler kommune Miljøtenesta
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
Stillingstittel
Helsefagarbeidar i Miljøtenesta 100 % fast stilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vil du jobbe for gode tenester til personar med utviklingshemming, og legge til rette for meistring, aktivitet og trivsel? Då kan du vere personen vi ser etter.
Miljøtenesta har no ledig ei 100 % fast stilling. Som helsefagarbeidar i Miljøtenesta vil du ta del i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Det er moglegheit for å jobbe langvakter i turnus om du ønskjer det. Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
- Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukarane
- Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande
- Tverrfagleg samarbeid
- Journalføring og dokumentasjon
- Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande autorisasjon
- Førarkort kl. B
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Sjølvstendig
- Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
- Du må bidra aktivt til et positivt arbeidsmiljø
- Engasjement for miljøarbeid for personar med utviklingshemming
Vi tilbyr
- Introduksjonsprogram for nytilsette
- Løn etter utdanning og erfaring
- Gode pensjonsordningar
- Rabatterte forsikringar i KLP
- Godt arbeidsmiljø med trivelege kollegaer
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å
trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2621279
- Sist endret
1. mai 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3331573_173795_nn