Vi søkjer sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning
Psykosepoliklinikk Haugaland DPS
Floraveien 75, 5535 Haugesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier/vernepleier med vidareutdanning
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Psykosepoliklinikken ved Haugaland DPS søkjer etter sjukepleiar/vernepleiar til å jobba saman med oss i eit spennande fagmiljø i vårt ACT-team. Teamet er implementert saman med Haugesund Kommune. Arbeidsoppgavene i ACT er varierte og krev stor fleksibilitet og ein må vere løsningsorientert og kunne omstille seg raskt.
Psykosepoliklinikken har vore i vekst dei siste åra og vi har over lengre tid hatt fokus på å betre behandlingstilbodet. Vi kan no tilby eit breitt behandlingstilbod til pasientene våre, i tråd med nasjonale føringar. Poliklinikken følgjer både opp pasienter som er henvist med mistanke om psykoseutvikling, og pasienter som har ein vedvarande psykoseproblematikk. Poliklinikken følgjer også opp pasienter på TUD ( Tvang uten døgnopphold).
Haugaland DPS har eit robust fagmiljø med overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, legar og psykologar under spesialisering, og dessutan høgskuleutdanna med vidareutdanning. Vi gir eit breitt behandlingstilbod som famnar rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, ACT og psykose-team, akutt ambulant team (AAT) og dessutan ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon
- Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid/rus er ønska, men personar med relevant arbeidserfaring vil bli tatt i betraktning.
- Erfaring frå arbeid med rus/psykisk helse.
- Det er ein fordel med arbeidserfaring innan psykosefeltet.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar vil bil vektlagt.
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt med tanke på:
- Å fungere i team, god samarbeidsevne og omstillingsevne
- Godt humør.
- Ha evne til å tenke kontinuitet, utvikling og like utfordringar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Evne til å stå i krevjande situasjonar
- Evne til ryddig og god dokumentasjon
- Menn oppfordres til å søke.
Vi tilbyr
- Rettleiing
- Løn etter gjeldande avtalar
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Louise Sandve, Funksjonsleiar, +47 52732100, Louise.Sandve@helse-fonna.noArbeidsstad
Floraveien 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4909371702
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2861749
- Hentet fra
talentech
- Referanse
6df1066769c44d1d806833b35573bad2