Har du lyst å prøve deg som funksjonsleiar hos oss?
Hemato/endo/infeksjon sengepost, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Oppstart
6. mai 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hei du som kanskje kjenner på at leiing kunne vore spennande å prøve, her har du høvet!
Noverande funksjonsleiar studerar, og me søkjer etter ein person som kan vikariera i stillinga frå 06.05.2024, eventuelt oppstart tidligare. God opplæring vil du få samt tett oppfølging av funksjonsleiar.
Hemato/endo/infeksjon er ei veldreven avdeling med dyktige, dedikerte og kjekke medarbeidarar. Vi har to erfarne fagsjukepleiare, kursdager i turnus, simulering, forbedringsprosjekt blant anna sammen med laboratoriet, og ei god leiargruppe. Me har eit godt arbeidsmiljø, vant arbeidsmiljøprisen i 2022 og som leiar er du ein viktig bidragsytar i det.
Det skjer mykje spennande på Haugesund sjukehus framover. Det er planar om eit nybygg til, der du kan vere med å påverke pasientbehandlinga i framtida og skape ein god arbeidsplass vidare.
Arbeidsoppgåver
- Drifte avdelinga og være tett på ansatte og pasientar
- Kompetanse og opplæring
- Rekruttering
- Personaloppfølging
- HMS-arbeid
- Samarbeide godt med verneombod og tillitsvalde
- Stimulere til forbedringsarbeid
Kvalifikasjonar
- Norsk bachelor i sjukepleie er eit krav
- Nokre års arbeidserfaring frå pleien er eit krav
- Erfaring frå fagfelta våre er ønskeleg
- Interesse for administrasjon og leiing
- Personlege eigenskaper blir vektlagd
Personlege eigenskapar
Hos oss er det viktig at du:
- er positiv og motiverande
- taklar eit høgt tempo og mykje som skjer samstundes
- er både fleksibel og strukturert
- bidrar med godt humør
- er sjølvgåande i rolla
- legg til rette for eit godt samarbeid
Vi tilbyr
- Kjekke og dyktige kollegaer
- Eit flott arbeidsmiljø
- Ein spanande og utfordrande jobb
- Varierte oppgåver og varierte dagar
- Eit godt støtteapparat
- Intern leiaropplæring
Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Bertelsen, Funksjonsleiar, 91604597Lise Bruntveit, Avdelingsleiar - medisin avdeling B, +47 48140917
Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4793099428
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 06.05.2024
Sluttdato: 31.12.2024
Søknadsfrist: 26.04.2024
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2620341
- Sist endret
27. april 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e454443ba8ef45de87003a89230708dd