Verdas viktigaste jobb. Me treng deg som lærar i Suldal
Suldal kommune Overordna oppvekst
Eidsvegen 7, 4230 Sand
Om jobben
Stillingstittel
Lærarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
2. gongs utlysing
Me søkjer deg med godkjend grunnskulelærarutdanning som vil vera med å utvikla eit trygt og godt skulemiljø der elevane sitt læringsutbyte, klasseleiing, tilpassa opplæring og relasjonskompetanse står sentralt. Har du anna utdanning eller relevant kompetanse er du også velkommen til å søkje.
Frå 01.08.24 har me ledig undervisningsstillingar i varierande storleik både fast og vikariat i barne- og ungdomsskulen. Utlysinga gjeld og stillingar som måtte verte ledige fram mot skulestart. Ønskje om stillingsstorleik og arbeidsstad må opplysast i søknaden.
Kvalifikasjonar:
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskule.
- Du må vera innstilt på å samarbeida og ha evne til å jobba målretta med undervisning og opplæring.
- Du må vera fleksibel og positiv.
- Ha pågangsmot og vera utviklingsorientert.
- Erfaring med og kunnskap om å nytta digitale verktøy i undervisning
- Du må trivast saman med elevar og føresette
Personlege eigenskapar:
- Vera ein relasjonsbasert klasseleiar som viser retning og veg for eleven, fagleg og sosialt.
- Vera ein aktiv deltakar i det profesjonsfaglege fellesskapet.
- Vera ein lagspelar i skulen, med føresette og med andre samarbeidsinstansar utanfor skulen.
Hjå oss i Suldal kommune får du:
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- Engasjerte og dyktige kollegaer
- Pensjons- og forsikringsordningar etter tariffavtale
- Bedriftshelseteneste
- Gode løns- og tilsetjingsvilkår over tariff
- Gode stønadsordningar for vidareutdanning
- Kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
- Nynorsk som administrasjonsspråk
- Høve til innmelding i lokalt kunstlag for fast tilsette
Andre opplysningar:
- Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
- Det er krav om godkjend politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltrede. Attesten kan ikkje vere eldre enn tre månadar
- Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
- Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentleggjering av søkjarlist
Slik søkjer du:
- Me ber om at du søkjer elektronisk. Sjå her korleis du går fram for å søkje.
- Treng du hjelp, kan kontakte kommune på tlf 52 79 22 00.
- Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg!
Spørsmål om stillingane kan rettast til rektor ved den einskilde skule eller konstituert kommunalsjef for oppvekst Britt Elin Håranes tlf 404 82 226.
Er du klar? Me treng deg!
Dette er skulane i Suldal.
Erfjord skule
Rektor Aina Vaage mob 45201277 aina.vaage@suldal.kommune.no
Erfjord skule er ein barneskule frå 1. - 7. kl med ca 70 elevar.
Marvik skule
Rektor Tanja Bergby mob 41556578 tanja.bergby@suldal.kommune.no
Marvik skule er ein fådelt barneskule som ligg på Ropeidhalvøya med ca 30 elevar.
Nesflaten oppvekstsenter
Rektor Anne Marie Gamlem Rabba mob 45612131 anne.marie.rabba@suldal.kommune.no
Nesflaten oppvekstsenter er ein fådelt kombinert barne- og ungdomsskule med ca 15 elevar.
Jelsa oppvekstsenter
Rektor Karin Nessa mob 47266449 Karin.Nessa@suldal.kommune.no
Jelsa oppvekstsenter er ein fådelt barneskule med ca 20 elevar.
Sand skule
Rektor Jorunn Hoås mob 91574334 Jorunn.Hoas@suldal.kommune.no
Sand skule har ca 300 elevar fordelt på 14 trinn frå 1.-10. trinn. 9. og 10. kl. har to klassar på kvart trinn, 8 kl. har tre trinn.
Vinjar skule
Rektor Vibecke Håheim vibecke.haaheim@suldal.kommune.no
Vinjar skule er ein barneskule med ca 95 elevar.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2516962
- Sist endret
3. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3278807_200259_nn