Seniorarkitekt | Bli med og planlegg morgondagens bygg
Nordplan As Avd Nordfjord
Eidsgata 45, 6770 Nordfjordeid, Hybridkontor
Om jobben
I Nordplan ser vi at gode løysingar kjem når ein ser menneska bak prosjekta og omgjevnadane dei skal passe inn i. Vi er eit tverrfagleg selskap som jobbar med alle fasar av ein planprosess, eit infrastruktur- eller byggeprosjekt. Vi hjelper også til med drift og eigedomsutvikling. Her jobbar arkitektar, ingeniørar, landskapsarkitektar og planleggjarar side om side. Dei beste ideane blir til når vi deler kunnskap og ser moglegheiter saman. Vi trur på samarbeid og ekte engasjementet som oppstår når flinke folk jobbar saman.
Det er ikkje berre kva vi gjer som betyr noko for oss, men også korleis vi gjer det. For oss handlar arbeidet om meir enn det ferdige resultatet. Det handlar om å sette små spor som varer, og som gjer kvardagen betre og lokalsamfunna sterkare. For vi skal vere med å forme ei framtid som vi skal vere stolte av.
Stillingstittel
Seniorarkitekt
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Vi ser for oss at du er ein fagleg engasjert person som er løysningsorientert og initiativrik. Du kommuniserer godt med kollegaer og kundar, og du ønsker å formidle eigen kunnskap. Du er ein arkitekt med fleire års erfaring med prosjektarbeid. Vi ser etter ferdigheiter innan BIM-prosjektering og evne til å ha ansvar for oppdrag med høge krav til kompleksitet og kvalitet. Kompetanse og erfaring med prosjektering i Revit er ein fordel. Det er også ein fordel om du har erfaring frå helseprosjekt og komplekse prosjekt. Du vil arbeide i eit miljø som omfattar om lag 20 arkitektar, 20 bygningsteknikarar og i nært samarbeid med ca. 10 energi- og miljørådgjevarar.
Vidare ser vi for oss at du har følgande kvalifikasjonar:
-
Sivilarkitekt
-
Minimum 10 år erfaring
-
Erfaring i bruk av Revit
-
God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og gjerne engelsk
Fagleg blir du ein del av seksjonen for <<Arkitektur, Konstruksjon og Byggeteknikk>> i selskapet. Denne stillinga kan vere knytt til eit av kontora våre i Måløy, Nordfjordeid eller Stryn.
Sjekk her for stillingsannonse:
Ledig stilling arkitekt - Nordplan
Arbeidsoppgaver
Vi ser etter ferdigheiter innan BIM-prosjektering og evne til å ha ansvar for oppdrag med høge krav til kompleksitet og kvalitet. Kompetanse og erfaring med prosjektering i Revit er ein fordel. Det er også ein fordel om du har erfaring frå helseprosjekt og komplekse prosjekt. Du vil arbeide i eit miljø som omfattar om lag 20 arkitektar, 20 bygningsteknikarar og i nært samarbeid med ca. 10 energi- og miljørådgjevarar.
Vi tilbyr
-
Arbeidstid som er balansert og tilpassa prosjektmål og privatsituasjon.
-
Fleksibilitet til å velje arbeidsplass. Om du vil bu i Fjell-, Fjord- eller Kyst-Noreg, er opp til deg. Vil du heller jobbe frå byen, eller ein stad der ingen skulle tru at nokon kunne bu, så finn vi løysingar for det. Vi likar sjølvsagt aller best at du er innom eit av våre kontor slik at vi får ha det sosialt saman òg. Uansett kvar du vil jobbe frå finn du eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø på desse stadane: Nordfjordeid, Måløy, Stryn, Førde, Ørsta/Volda, Ålesund, Molde, Bismo, Vågåmo, Otta, Lillehammer, Oslo, Bergen og Reykjavik.
-
Du får vere med å skape ei framtid du kan vere stolt av. I tillegg får du jobbe med spennande og utfordrande prosjekt som du kan lese meir om her.
-
Vi er eit selskap i vekst, så her er moglegheiter for både personleg og fagleg utvikling -- spesielt med tanke på at du får eit tverrfagleg miljø og flinke kollegaer rundt deg.
-
Du får sjølvsagt lønn, pensjons- og forsikringsordningar.
-
Du blir ein del av eit selskap som støttar nærmiljøet. Lokalt ved dei ulike kontora våre støttar vi ulike lag og aktivitetar.
Om bedriften
Vi er Nordplan. Kva er din plan?
Nordplan veks og treng fleire dyktige medarbeidarar
Nordplan er eit tverrfagleg teknisk konsulentselskap som leverer tenester og rådgiving innanfor arealplan, arkitektur, konstruksjon, bygningsteknikk, energi, miljø, berekraft og prosjektadministrasjon. Vårt mål er å samhandle med kunden i et langsiktig perspektiv, slik at kunden oppnår varig verdi i sine prosjekt. Vi har lokal forankring med våre avdelings- og satelittkontor der våre kreative og dyktige medarbeidarar har sin daglege arbeidsplass. Våre kontor finn du i Ålesund, Ørsta, Nordfjordeid, Måløy, Leikanger i Stad, Stryn, Førde, Bergen, Vågåmo, Bismo, Lillehammer og Vestby.
Vi er opptatt av individuell fleksibilitet for våre medarbeidarar innanfor rammene av kunde- og prosjektmål . Du kan lese meir om oss på https://www.nordplan.no/om-nordplan/.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2821318
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5f93e981-3e13-4937-bc43-c3fad42a8951