Tilkallingsvikarar til helse og omsorg, både fagutdanna og ufaglærte!
Vågå Kommune
Vågå, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sykepleier, helsefagarbeider, ufaglærte
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Engasjement, deltid 1-99%
Arbeidstid
Turnus, dagtid, kveld og natt, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
- helsefagarbeidar
- sjukepleiar
- ufaglært eller skuleelev
Vågå kommune skal frå 01.01.25 samle Heimetenesta og Vågåheimen til eit felles tenesteområde, Helse- og omsorg. Dagens heimeteneste organiserar heimesjukepleietilbod, heildøgns omsorgsbustadar og dagtilbod for personar med demens. På Vågåheimen er det korttidsplassar, langtidsplassar, demensomsorg og aktivitetssenter.
I tenestene har vi stort fokus på fagutvikling og arbeidar aktivt med kvalitetsforbetring på systemnivå og i dagleg drift. Det er mykje positivt som skjer i tenesteområdet, med byggjeprosjekt ved Vågåheimen, auka fokus på velferdsteknologiske løysningar, fagleg utvikling og kompetanseheving til våre tilsette. Vi har stort fokus på å rigge tenestene på ein slik måte at dei er berekraftige i framtida, der ein nyttar rett kompetanse på rett stad. Vi har ei god blanding av tilsette, både i alder og fagleg profesjon.
Vi søkjer etter deg som ønskjer å arbeide som tilkallingsvikar og som er:· helsefagarbeidar
· sjukepleiar med autorisasjon
· ufaglært eller skuleelev
Tenestestad for tida er Heimetenesta.
Vakter varierar ut i frå arbeidsoppgåver, men kan gå føre seg på dag, kveld og natt, på vekedager og helg.
Tenesteområdet har felles nattevaktsteam, der 3 tilsette er stasjonert ved Vågåheimen og 1 er stasjonert i heimesjukepleia. Desse 4 har tilhaldsstad ved Vågåheimen.
Arbeidsoppgåver:· Ordinære oppgåver ut frå profesjon/ kunnskap
· Assistent / ufaglærte stillingar utførar oppgåvar bl.a. innan mat, stell, aktivisering, dokumentasjon og legemiddelhandtering
· Tverrfagleg samarbeid, med fokus på gode pasientforløp
· Samarbeid med pårørande og andre
· Ansvarsvakt for sjukepleiarar
· Dokumentasjon
Ufaglærte og skuleelevar vil få opplæring på dei oppgåvene dei kan gjera, situasjonar rundt mat, stell, aktivisering, dokumentasjon og legemiddelhandtering.
Kvalifikasjonar· Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar for stillingar som sjukepleiar/helsefagarbeidar
· Førerkort klasse B er påkrevd for stillingar som sjukepleiar, helsefagarbeidar og assistent (ikkje for skuleelevar, andre oppgåver for ufaglærte)
· Gode norskkunnskap munnleg og skriftleg (minimum tilsvarande nivå B1)
· God fagleg innsikt og tryggheit
Personlege eigenskaper:· Fagleg engasjert
· Ansvarsbevisst og evne til å arbeide sjølvstendig
· Kreativ og endringsorientert/-viljug
· Gode kommunikasjons-, relasjons- og samarbeidsevner
· Initiativrik og søkjer å finna gode løysingar til det beste for fellesskapet
· Bidreg til eit godt arbeidsmiljø
· Fleksibel og lojal
Personleg eignaheit vil bli tillagd avgjerande vektDet vert kravd politiattest ved tilsetjing.
Vi tilbyr:· Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i stadig utvikling
· Arbeid i tverrfagleg team
· Kompetanseheving og fagleg utvikling
· Eit godt fagmiljø og gode, rutinerte kollegaer
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
SøknadSøknad skal sendast på elektronisk søknadsskjema . Vedlegg til søknaden kan sendast som e-post til postmottak@vaga.kommune.no.
Søknadsfrist: 15.12.2024 Nærmare opplysningar rundt stillingane blir gjeve av:Heimetenesta: tenesteleiar Kitt Heidi Telebond tlf 901 85 854.
Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn.
Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Vågå kommune ligg i Nord- Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå kommune har ca. 3.550 innbyggjarar, eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv.
Om bedriften
Vågå kommune ligg i Nord-Gudbrandsdalen, midt mellom nasjonalparkane Jotunheimen og Rondane. Kommunesenteret Vågåmo er ein konsentrert og triveleg handelsstad, med eit godt utbygd servicetilbod. Vågå har eit godt barnehage- og skuletilbod, og eit allsidig og rikt kulturliv. Nasjonalparkane gjev moglegheit for store naturopplevingar, som til dømes jakt og fiske.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2804970
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5f69e596-1f47-4270-b78d-db7008dda988