Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. januar
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Rehabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering, Post 1 og Post 2
- Kirurgisk klinikk, Urologisk avdeling post 2
- Medisinsk klinikk, Seksjon for nyresjukdommar - Medisin 1 Nord, Seksjon for infeksjonssjukdommar - Medisin 5 vest, Seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 Nord, Medisin 1 vest/Medisinsk Poliklinikk
- Nevroklinikken, Nevrokirurgisk avdeling
- Klinikk for hovud/hals, Hovud/hals og augeavdelinga, Øyre-nase-hals poliklinikk
- Augeavdelinga, Poliklinikk og operasjon dagkirurgi
- Hudavdelinga, Hud og revmatologisk sengepost
- Mottaksklinikken, Akuttmottak, Utgreiingsmottak 2
- Lungeavdelinga, Post 1, Post 3
- Hjarteavdelinga, Hjarteintervensjon
- Laboratorieklinikken, Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin , Seksjon for blodgivning.
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg.ReHabiliteringsklinikken er ein av klinikkane i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar, her får du arbeide heilskapleg både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering. Vi ønsker medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar. Kontakt: Lisbeth Sparre, Tlf. 55918484 / Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425
Urologisk avdeling post 2 er ein sengepost med pasientar frå både urologi og endokrin-kirurgiske fagfelt. Våre pasientar er hovudsakleg kreftpasientar. Vi behandlar også benigne diagnosar som treng kirurgisk behandling i tillegg til akutte innleggingar. Hos oss vil du jobbe i eit godt arbeidsmiljø med pre- og postoperative forløp. Smertelindring, palliasjon og heilskapleg sjukepleie er også ein stor del av vår kvardag. Med to fagfelt er det mykje spennande å lære hos oss. Kontakt: Jorunn Bjørnsdottir Tlf. 55970011
Seksjon for nyresjukdommar, Medisin 1 Nord er ein nefrologisk og endokrinologisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar pasientar med mellom anna nyresjukdommar som kronisk og akutt nyresvikt, nefrotisk syndrom, pyelonefritt, oppstart med dialyse, hypertensjon, diabetes, elektrolyttforstyrringar, stoffskiftesjukdommar, samt vanlege indremedisinske sjukdommar. Vi har ledig 100% fast stilling i 3 delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. Erfaring frå nyremedisin eller endokrinologi er ønskeleg. Kontakt: Øystein Nautvik, Tlf. 5597361
Seksjon for infeksjonssjukdommar, Medisin 5 vest behandlar primært infeksjonssjukdommar. Dei vanlegaste diagnosane er: pneumoni, UVI, erysipelas, endokarditt, sårinfeksjonar, importsjukdommar og tuberkulose. Pasientar med smittsam lungetuberkulose blir isolert på eit av postens to undertrykksisolat. Posten har også kritisk sjuke pasientar med sepsis som har behov for overvaking. I tillegg har posten ein del pasientar med generelle indremedisinske sjukdommar. Kontakt: Hege Cecilie Sørby, Tlf. 55973703 / 98662422
Seksjon for blodsjukdommar, Medisin 5 Nord behandlar pasientar med mistanke om, eller påviste blodsjukdommar. Seksjonen har ein fleirregional funksjon for allogen stamcelletransplantasjon og regional funksjon for autolog stamcelletransplantasjon. Hovuddiagnosar er leukemi-og myelomatose pasientar, samt andre hematologiske lidingar. Seksjonen skal utvide transplantasjonsverksemda og skal flytte til nye lokale i Marie Joys hus mars 2025. Vi er ein tverrfagleg seksjon som jobbar med diagnostikk og behandling av blodsjukdommar. Vi ønsker deg som vil vere med på å gi våre pasientar den beste omsorgen. Kontakt: Ina K. Endregaard, Tlf. 99498863
Medisin 1 vest/Medisinsk Poliklinikk søker en dedikert og faglig dyktig sykepleier til en spennende og utfordrende 100 % fast stilling i Medisinsk Klinikk. Stillingen er delt mellom sengepost Medsin 1 vest og Medisinsk poliklinikk, og gir muligheter for både faglig utvikling og et variert arbeid. Det vil vere 60 % på poliklinikk med dagarbeid og 40 % på sengepost med 3-delt turnus. Medisin Post 1 Vest er en sengepost der vi utreder og behandler pasienter med sykdommer i spiserør, magesekk, tynn- og tykktarm, samt lever, galle og bukspyttkjertel. Kontakt: Merete Favang Tlf. 55973608 / Liv Unni Kjørvik Tlf. 55973014
Kvalifikasjonar (overskrift)
Nevrokirurgisk avdeling har ansvar for diagnostisering og nevrokirurgisk behandling av skadar og sjukdommar i hjerne, nakke og rygg, både for vaksne og barn. Avdelinga har og landsfunksjon for stråleknivbehandling og behandling av vestibularisschwannom. Nevrokirurgisk avdeling har 16 senger på sengepost og 9 senger på vår overvakingseining (NOVA). Sjukepleiarar på avdelinga blir venta, etter opplæring, å kunne jobbe både på NOVA og ute i avdelinga i ei rotasjonsordning. Vi har eit spennande, utfordrande og triveleg arbeidsmiljø. Vi satsar på fagutvikling og har mellom anna innarbeid fagutviklingstimar i vår årsturnus. Kontakt: Malene Alsaker, Tlf. 45458204
Hovud/hals og augeavdelinga har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ein kirurgisk sengepost og høyrer til Klinikk for hovud/hals. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år.Hovud/hals/augeavdelinga er ei spennande avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, med hovudansvar for tracheostomipasientar på sjukehuset. Hos oss får du god erfaring innan fagfelta hovud-hals, øyre, nase, biholer, kjeve og auge med god variasjon av arbeidsoppgåver. I samarbeid med fagsjukepleiar legg vi til rette for god opplæring og sørger for at sjekklister, kompetanseplanar og faglege retningslinjer er oppdaterte. Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamsamarbeid i avdelinga. Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973509/98423714
Øyre-nase-hals poliklinikk har ein ledig stilling i kombinasjon 80% poliklinikk og 20% hovud/hals/auge sengepost. Vi ein aktiv poliklinikk som behandlar både elektive og ØH pasientar. Utgreiing, behandling og kontroll av pasientar blir utført både i team med andre yrkesgrupper, og ved sjølvstendige sjukepleie-konsultasjonar. Vi har og ein del småkirurgi ved poliklinikken. Søkarar må kunne jobbe i team, kunne snu seg raskt, takla ein travel kvardag og sjå framover. Vil vil legge vekt på at søkar har personlege eigenskapar som passar for stillinga. Søkarar må ha erfaring frå øyre-nase-hals. Kontakt: Marius Pallesen, Tlf. 55970934
Augeavdelinga er ei spesialavdeling ved Haukeland universitetssjukehus. Vi har stor breidde i vår verksemd og tilbyr både medisinsk og kirurgisk behandling, i tillegg til øyeblikkelig hjelp til pasientar med augelidingar. Til Augebygget kjem pasientar for utgreiing, undersøkingar og dagbehandling. Augeavdelinga greier ut og behandlar augelidingar hos barn og vaksne. Avdelinga har fleirregional behandlingsteneste innan behandling av kreft i auget. Avdelinga har stor breidde i si verksemd; både medisinsk og kirurgisk behandling. Arbeidstid på dagtid. Du må vere villig til å bidra ved hele augeavdelinga. Kontakt: Elisabeth Thunstrøm, Tlf. 97155343 / Anita Bjørø Soriano Tlf. 95254596
Hud og Revmatologisk sengepost er den einaste sengeavdelinga for hudpasientar på Vestlandet. Revmatologisk avdeling har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar med revmatiske sjukdomar i Hordaland. Vi tilbyr pleie, rehabilitering, førebygging og opplæring av pasientar og pårørande. Sengeposten har ansvar for behandling og oppfølging av pasientar både med hud og revmatologiske lidingar. Det er både elektiv verksemd og øyeblikkelig hjelp. Sengeposten disponerer 15 sengeplassar i vekedagane, og 10 i helgane. Kontakt: Nina Alsaker Bergsvik, Tlf 55973944
Akuttmottak søker sjukepleiar med krav om minst 2 års relevant klinisk yrkeserfaring. Vi tar imot alle typar pasientar som treng ØH-hjelp, frå enkle problemstillingar til alvorleg sjukdom og skade. I gjennomsnitt kjem det inn 100 pasientar i døgnet, kring 40.000 pasientar kvart år. Vi tar imot pasientar som treng behandling eller vurdering i spesialisthelsetenesta på grunn av sjukdom eller skade. Pasientane blir tilvist frå fastlege eller legevakt, eller kjem direkte med ambulanse eller luftambulanse.
Kontakt: Robert Nekkøy, Tlf. 55972526
Utgreiingsmottak 2 (UMO 2) har 18 senger og pasientar frå alle fagområde. I halvparten av sengene er det pasientar frå medisinske fagområde og halvparten gastrokirurgiske. UMO 2 er eit utvida mottak og pasientane er akutt innlagde. Mange har uavklarte diagnosar og behov for vidare utgreiing. Liggetid er inntil 3 døgn, og målet er rett diagnose så raskt som mogleg og behandling på rett stad. Dette er ei eining med stor fagleg breidde og mange varierte arbeidsoppgåver. Kontinuitet i observasjonar og målingar er særs viktig i eininga. Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, Tlf 95890308
Lunge post 3 er ein sengepost med 22 sengeplassar. Avdelinga greier ut og behandlar i hovudsak pasientar med lungekreft, lungeinfeksjonar, KOLS og pasientar med cystisk fibrose. I tillegg har avdelinga eige luftsmitteisolat til pasientar med tuberkulose. Hos oss vil du få ein bratt læringskurve i trygge oomgjevnader og vi kan tilby eit spennande fagfelt. Vi har 3-delt turnus med kvar 3. helg i årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus. Kontakt: Sandra Strømmen Hansen, Tlf. 55973533
Lunge post 1 er mellom dei største lungemedisinske einingane i landet og er leiande innan pasientbehandling, utdanning og forsking i lungemedisin.
Lunge post 1 har kombinert funksjon med sengepost og respiratorisk overvaking (ROE). Av totalt 16 senger er inntil 8 tiltenkt pasientar som treng respiratorisk overvaking og pustehjelp (BiPAP/heimerespirator). Hovudgruppa av pasientar er kols, respirasjonssvikt, lungebetennelse. Kontakt: Lillian Hopland, Tlf. 55973552
Hjarteintervensjon (HINT) har nå ledig 2 sjukepleierstillingar. En er i hovudsak rettet mot arytmi, mens den andre er i poliklinikk. Dersom ingen endringar i personalgruppen etter eit år, vil stillingane bli overført til Bemnningssenteret. Det er i hovudsak dagarbeid med arbeidstid mellom kl 0800-1715, men det kan bli noe kveldsarbeid. Kontakt: Vivian Milde Samdal Tlf. 55976188
Avdeling for immunologi og transfusjonsmedisin , Seksjon for blodgivning har ledig fast stilling som sjukepleiar med fagansvar.
Seksjon for blodgiving har ansvar for Tappesalen på AIT og drift av Blodbussen. Seksjonen består av bioingeniører, helsesekretærer og sykepleiere. Stillingen vil hovedsakelig ha arbeidsoppgaver og fagansvar knyttet til daglig drift av seksjonen. Prøvetaking vil inngå som del av stillingen. Arbeidsoppgaver tilhørende stillingen blir å
delta i daglig drift ved seksjonen, rettleie og undervise kollegaer, studentar og hospitantar. Kontakt: Guro Ellen Gundersen Tlf. 55973016
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila desember 2024/januar 2025
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson , oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4895567578
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.01.2025
Kontaktperson for stillingen
Sjå kontaktperson
oppgitt for dei enkelte stillingane
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2812414
- Hentet fra
talentech
- Referanse
98afba438f574900ab94b350e9034cfc