Sjukepleiar
Org. nr: - Stillingsident: 4268986468 Presentasjon av stillingen:
Førde sentralsjukehus ligg sentralt til i Førde. Ein har gode kommunikasjonsmoglegheiter både til Oslo og Bergen, både med fly og buss. Om du likar shopping, trening på treningsssenter eller turar i skog og fjell, så er dette fasilitetar du har lett tilgjeneleg like i nærleiken.
Medisinsk sengepost 1 har 26 senger fordelt på 2 grupper med hjarte/kar/-sjukdom/geriatri, nyresjukdom og diabetes. Medisinsk sengepost 1 samarbeider tett med sengepost 2 der dei har 15 senger med lunge-, infeksjons- og mage-tarm-sjukdom. På begge postane kan det vere andre varierte problemstillingar i tillegg. Dei fleste pasientane vert innlagde med behov for øyeblikkeleg hjelp.
Medisinsk sengepost 1, Førde sentralsjukehus har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar frå snarast, start kan vurderast etter avtale.
Stillinga kan bli delt opp.
Tilsette som vil hevde fortrinnsrett må opplyse om dette i søknaden.
Arbeidsoppgåver
-
Pasientrelatert arbeid
-
Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
-
Gje omsorg for pasient og pårørande
-
Elektronisk dokumentasjon i DIPS og Meona
-
Rettleiing og opplæring av studentar og nytilsette
-
Må bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert varetekne
-
Rutinearbeid i sengeposten
-
Arbeid i 3-delt turnus og 3. kvar helg
Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat og tryggleik for tilgjengelegheit og omsorg
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring innanfor spesialisthelsetenesta vert vektlagt
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
- Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
- Ønskeleg med arbeidserfaring frå medisinsk sengepost
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du må trivast i eit aktivt miljø med stadig nye utfordringar
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du må være ein del av eit oppmuntrande og inkluderande arbeidsmiljø
- Du er punktleg og påliteleg
Vi tilbyr
- Løn etter tariff
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- God opplæring
- Fagleg utvikling
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
Kontaktinformasjon
Magnus Jarl Midtvoll, Seksjonsleiar, 407 29 970, magnus.jarl.midtvoll@helse-forde.no
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4268986468
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 07.09.2020
Søknadsfrist: 24.08.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.