Sentrumskoordinator
Ulstein Næringsforum
Sjøgata 32, 6065 Ulsteinvik
Om jobben
Er du kreativ, initiativrik, handlekraftig og har eit brennande engasjement for å utvikle Ulsteinvik sentrum? Da er du kanskje den vi er på jakt etter!
Stillingstittel
Prosjektleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Hva vi ser etter
Ulstein Næringsforum og Ulstein kommune jobbar saman for ei visjonær og relevant sentrumsutvikling. No løfter Ulstein Næringsforum satsinga eit hakk for å få til enda meir og søker difor ein sentrumskoordinator! Denne skal tilretteleggje for og gjennomføre aktivitetar i sentrum, og kople næringsliv, frivillige lag og organisasjonar saman for å skape unike, berekraftige og innovative samarbeid. Ved å få på plass nye aktivitetar og møteplassar ønskjer vi å løfte opplevinga av å bu i og besøke Ulsteinvik, samstundes som det leggjast til rette for spanande næringsutvikling og nye sentrumsprosjekt.
Stillinga som sentrumskoordinator er eit to-årig prosjekt. Det vil kunne påreknast noko kvelds- og helgejobb.
Kvalifikasjonar
• Relevant utdanning
• Kunnskap om sentrumsutvikling
• Trivst med ein sjølvstendig og operativ rolle med mange ballar i lufta
• Må kunne identifisere behov og skape gode løysingar
• Personleg eignaheit
• Sjølvgåande og initiativrik
• Gode kommunikasjons- og markedsføringsferdigheiter
• Gode samarbeidsevner
• Visjonær
Arbeidsoppgaver
• Utvikle eit meir berekraftig sentrum med fokus på sirkularitet
• Vidareutvikle og etablere nye møteplassar i sentrum
• Auke interessa for etablering av næringsverksemd i sentrum
• Utvikle berekraftige og sirkulære arrangement/tjenestetilbud/modeller/konsept
• Utvikle i tråd med kommuna sitt "Parallelloppdrag" og andre kommunale planar
• Være tett på pulsen i handelsstanden
• Samarbeide tett med Ulstein kommune, handelsstand, gardseigarar og næringsliv
Vi tilbyr
• Løn etter avtale
• Spanande arbeidskvardag
• Moglegheit til å påverke direkte inn i sentrumsutvikling
• Flotte kontorlokaler midt i sentrum
• Kjekt arbeidsmiljø
Om bedriften
Ulstein Næringsforum er ein privat medlemsorganisasjon som er eigd av verksemdene som er medlemer hos oss. Ulsteinvik skal vere ein stad folk trivast å bu, arbeide og besøke. Difor jobbar vi for å styrke næringslivet i Ulstein, styrke Ulsteinvik sin plass i landet og tiltrekke oss nye verksemder.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2565219
- Sist endret
29. februar 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
5f43dc04-9f4f-4dd5-92eb-cdbb38bc4ac4