Sjukepleiar med vidareutdanning
Org. nr: - Stillingsident: 4285721591 Presentasjon av stillingen:
Psykiatrisk klinikk har ledig vikariat for sjukepleiar med vidareutdanning i 100% stilling for tida ved DPS dag, OP-team (Poliklinikk)
Op-team er eit ambulant oppfølgingsteam for pasientar med psykose, som treng langvarig oppfølging. Teamet er samansett av psykiater, psykologspesialist og sjukepleiarar. Det kan vere muligheit for fast tilsetting.
Psykiatrisk klinikk gir allmennpsykiatriske tenester til kommunane i Sunnfjord/Ytre Sogn. Klinikken har også sentralsjukehusoppgåver med akuttpost med ØH plikt og tverrfagleg spesialisert ruseining. Avdelinga har om lag 185 årsverk og er lokalisert i Førde, Florø og Tronvik.
DPS dag er ein poliklinikk med tilsette med ulik yrkesbakgrunn: psykologspesialist, psykolog, psykiater, lege, psykiatrisk sjukepleiar, jobbspesialistar, vernepleiar og sosionom. Det er og eit aktivt forskingsmiljø tilknytta Psykiatrisk klinikk, som har fleire pågåande doktorgradsprosjekt om psykisk helse og behandling. Vi har totalt 14 psykologspesialistar og psykologar tilsett ved avdelinga Psykiatrisk klinikk. Poliklinikken er lokalisert i Førde og Florø.
Våren 2021 flyttar Psykisk helsevern i Førde inn i nybygg ved sentralsjukehuset.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig klinisk arbeid
- Tverrfagleg arbeid, samhandling med kommunehelsetenesta.
- Konsultasjonar
- Rettleiing
- Undervisning/rådgjeving
- Noko reiseverksemd må påreknast i samband med utadretta verksemd med 1.linjetenesta og andre
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter sjukepleiar med minst 1 år vidareutdanning innan rus/psykisk helsevern
- Det er eit krav om minimum 2 års erfaring frå arbeid med rus/psykisk helse etter endt høgskuleutdanning
- Det er ynskjeleg med fordjupning innan ei psykoteapeutisk behandlingsform
- Søkjar må ha førarkort kl. B
Utdanningsretning
- Sosionom
- Vernepleie
- Sjukepleie videreutdanning
Utdanningsnivå
- Høgskule/universitet, diplom-/ bachelorgrad
- Vidareutdanning / Tilleggsutdanning utover oppnådd grad
Personlege eigenskapar
- Gode samarbeidsevner
- Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø på ulike nivå.
Language
- Norsk
Vi tilbyr
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Christopher Fink , Seksjonsleiar, (+47) 995 45 570
Arbeidsstad
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Førde
Referansenr.:4285721591
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 11.10.2020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på 2,8 milliardar kroner og er den største verksemda i fylket. Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Førde skal så langt råd spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ein balansert alders- og kjønnssamansetnad, og å rekruttere kvalifiserte personar med innvandrarbakgrunn.