Helsesekretær
Kirurgisk klinikk/ Poliklinikk Gastrokirurgi, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær
Oppstart
5. august 2024
Type ansettelse
Vikariat
Antall stillinger
1
Merkantil kontorfagleg teneste ved kirurgisk klinikk dekker fleire kirurgiske fagfelt ved følgande avdelingar: gastrokirurgi, karkirurgi, plastikkirurgi, bryst- og endokrinkirurgi. Stillingar som helsesekretær inneheld varierte oppgåver. Dei tilsette roterer mellom fleire arbeidsstasjonar som poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Opplæringa blir gitt i dei fagfelta ein vil komme til å arbeide med.
Avdeling for Gastrokirurgi har ledig 100% vikariat som helsesekretær, eventuelt medisinsk sekretær med erfaring. Oppstart etter avtale. Stillinga vil vere ved poliklinikk, sengepost og inntakskontor. Pr i dag har avdelinga 10 sekretærar som er tilsett i ulike stillingsprosentar.
Vi søker deg som er engasjert og motivert til å gjøre det beste for våre pasientar, samt opptatt av god pasientflyt.
Arbeidsoppgåver
- Registrering av pasientdata i ulike datasystem
- Timebestilling, innkalling og koordinering av undersøkingar for pasientar
- Telefonteneste
- Økonomisk oppgjer
- Rapportar
- Diverse bestillingar: tolk, transport, mat til pasientar
Kvalifikasjonar
- Vi søker etter ein person med utdanning som helsesekretær, eventuelt medisinsk sekretær. Helsesekretær må ha norsk autorisasjon
- Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
- Det er ønskeleg med god IKT-kunnskap
- Sekretærane arbeider med pasientdokumentasjon, difor er det viktig at du meistrar norsk og engelsk både munnleg og skriftleg
- Du må ha god evne til forståing og omstilling
Personlege eigenskapar
- Arbeidsam og trivast i eit aktiv og travelt miljø
- Trivast med arbeid ved ulike arbeidsstasjonar
- Fleksibel
- Like varierte utfordringar
- Bidra til eit godt arbeidmiljø
- Strukturert
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonsevner
- Like logistikk og administrative oppgåver
- Endringsorientert
Vi tilbyr
- Fagleg og personleg utvikling
- Høgt fagleg nivå
- Triveleg og aktivt arbeidsmiljø
- Introduksjonskurs
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Ei inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Anita Anfindsen, Seksjonsleiar MKT Gastrokirurgi, 55 97 09 40, anita.anfindsen@helse-bergen.noPetra Dahl, Fagansvarleg for MKT Kirurgisk klinikk, 55 97 28 04
Arbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4828113097
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.08.2024
Sluttdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 11.08.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
www.helse-bergen.no
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2678480
- Sist endret
12. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
34cb66ec4cfb48999f9e1127d826e47d