Førstekonsulent
FOT - Seksjon for operativ styring, Møre og Romsdal politidistrikt
Nedre Strandgate 50, 6005 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Førstekonsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest onsdag 5. mars
Vil du arbeide med publikumskontakt i ei stor og kompleks verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag? Politiet i Møre og Romsdal har no ledig to faste stillingar som førstekonsulent ved sentralbordet.
Stillinga er organisert ved Felles eining for operativ tjeneste ved Seksjon for operativ styring ved sentralbordet.
Vi ser etter deg som har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Trivast du også med å jobbe sjølvstendig, er løysingsorientert og serviceinnstilt, og ønskjer å bidra inn i det viktige samfunnsoppdraget til politiet, vil vi gjerne høyre frå deg!
Sentralbordet er ein viktig funksjon i kontakt med publikum. Sentralbordet mottek og ekspederer alle telefonsamtalar til 02800 og politidistriktet sitt hovudnummer. For at sentralbordet skal yte effektiv og god service samarbeider vi godt med andre funksjonar i distriktet, særleg med tanke på å halde oversikt over ulike fagfelt, tilgjengelege tilsette og dei ulike funksjonane sine opningstider.
Arbeidsoppgåver
- Svare på inngåande telefonsamtalar til sentralbordet
- Rettleie og gi informasjon til publikum
- Informere om og halde oversikt over tenestene i politidistriktet
- Vidareformidle samtalar til rett eining/person i politidistriktet
- Halde oversikt over fråværsmeldingar og møteverksemd
- Bidra til at arbeidet ved sentralbordet vert utført i samsvar med gitte retningslinjer
- Bistå operasjonssentralen med opplysingar frå tilgjengeleg register til bruk for den operative politistyrken
- Kan påleggast andre oppgåver
Kvalifikasjonar
Nødvendig:
- Generell studiekompetanse/minimum treårig vidaregåande skule. For kandidatar med særskilt relevant erfaring, evt. relevant fagbrev, kan utdanningskravet fråvikast
- Gode IKT-kunnskapar
- Gode norsk- og engelskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Samfunnsforståing og kjennskap til rolla og ansvaret til politiet
- Må kunne klarerast for HEMMELEG jf. sikkerhetsloven
- Plettfri vandel og vere skikka for teneste i politiet. Politiattest (uttømmande og utvida) må hentast inn ved eventuell tilsetting, jf. politiloven § 18 og politiregisterloven § 41. Ved søknad på stillinga må ein pårekne at det blir henta inn opplysingar frå enkelte av politiet sine register og system til bruk i vandels- og skikkaheitsvurderinga.
Ønskjeleg:
- Relevant høgare utdanning
- Fagbrev innan service og administrasjon
- Relevant erfaring, til dømes erfaring frå publikums-/kundebehandling
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Løysingsorientert og sjølvstendig
- Serviceinnstilt
- God evne til å handtere hektiske situasjonar
- Motivert for arbeidsoppgåvene
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Som medarbeidar i politiet har du høg etisk bevisstheit, du kjenneteiknast av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lese meir om dei etiske retningslinjene våre og om medarbeidarplattformen her: https://www.politiet.no/om-politiet/jobb-i-politiet/medarbeiderplattform/
Vi tilbyr
- Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med og forme politiet for framtida
- Stillinga blir lønna som førstekonsulent (stillingskode 1408), frå kr. 495 200 til kr. 565 900 brutto per år
- For særskilt kvalifiserte kan noko høgare lønnsplassering bli vurdert
- Du vil bli medlem i Statens pensjonskasse som gir deg mange gode i tillegg til livsvarig alderspensjon. Du kan ha rett til økonomisk støtte dersom du blir sjuk eller ufør, familien din kan ha rett til økonomisk støtte om du går bort, du blir forsikra mot yrkesskade eller yrkessjukdom, og du får gode vilkår på bustadlån. Les meir om tilsettingsgoda dine på spk.no/medlemskap-i-spk. Det blir trekt to prosent frå løna til innskot i Statens pensjonskasse.
- Mogelegheit for trening i arbeidstida
- Møre og Romsdal politidistrikt er ei IA-bedrift og er knytt til bedriftshelseteneste
Tilsetting skjer på vilkår fastsett i statsansatteloven og personalreglementet for politiet, derunder at prøvetida er seks månadar.
Kontaktinformasjon
Erik Steen Mikalsen, Seksjonleiar, 70118700Arbeidsstad
Nedre Strandgate 506005 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal politidistriktReferansenr.: 4911516927
Stillingsprosent: 100%
Fast stilling
Søknadsfrist: 05.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Erik Steen Mikalsen
Seksjonleiar
70118700
Om bedriften
Om politidistriktet
Mellom hav, fjordar og fjell finn du Møre og Romsdal politidistrikt som er eitt av 12 politidistrikt i Noreg. Vi femnar om eit område på 15 099 kvadratkilometer og dekker ei befolkning på om lag 270 000 menneske. Majestetiske fjellområde set naturlege avgrensingar i Møre og Romsdal fylke, og såleis politidistriktet. Det er Trollheimen på grensa mellom Nordmøre og Trøndelag, Romsdalsfjella med mellom anna Trolltindane i nedre del av Romsdal, Sunnmørsalpane på begge sider av Hjørundfjorden og Tafjordfjella mot Reinheimen Nasjonalpark sørvestover. Ein stor del av befolkninga bur langs kysten og på øyar. Dei tre største byane, Ålesund, Molde og Kristiansund, er regionsenter for høvesvis Sunnmøre, Romsdal og Nordmøre. Møre og Romsdal politidistrikt har også kontinentalsokkelberedskap frå Stad til Helgeland.
Organisering av politidistriktet
Politidistriktet med om lag 650 tilsette, vert leia av politimeister Ingar Bøen som har hovudsete i Ålesund. Vi er organisert i to geografiske driftseiningar med til saman 18 politistasjonar. I tillegg har vi fire funksjonelle driftseiningar. Det er felles eining for påtale, felles eining for operativ teneste, felles eining for etterretning, førebygging og etterforsking, og felles eining for utlending, forvaltning og sivil rettspleie. I tillegg kjem PST og tre leiarstøttestabar; kommunikasjon, verksemdstyring og HR/HMS.
Dette er verdiane våre
I politiet jobbar vi etter prinsippa i medarbeidarplattforma som er å vere modig, heilskapsorientert, vise respekt og vere tett på. Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke og treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Dersom det er mogeleg legg vi til rette for deg om du har behov for det.
Positiv særbehandling av søkarar til statlege verksemder
Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hòl i CV-en, eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Dersom du har funksjonsnedsetting, hól i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar vi deg til å krysse av i jobbportalen. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer på i sine årsrapportar.
Om offentleg søkarliste
Opplysingar om deg kan bli gjort offentlege sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på den offentleg søkarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir tatt til følge, vil du bli varsla om dette.
Har du hugsa dette?
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber vi deg om å registrere utfyllande CV i vår rekrutteringsportal og laste opp relevante attestar og vitnemål.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2860836
- Hentet fra
talentech
- Referanse
db6739b9b31145488c1fdb293ad4fee9