Lege i spesialisering
Klinikk for psykisk helse og rus - Avdeling for psykisk helsevern barn og unge - Poliklinikken BUP Kristiansund
Ønskjer du ein ryddig 8-16 jobb, i eit ivaretakande og triveleg arbeidsmiljø? Kanskje treng du å jobbe litt redusert medan barna er små? Her ved BUP Kristiansund har vi gode tilpassa arbeidsdagar med meiningsfulle og spennande arbeidsoppgåver.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund (BUP) og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utredningseining (sengepost) i Ålesund og ei familieeining i Molde.
Poliklinikken i Kristiansund er organisert i tverrfaglege team: akutt/ambulant team, nevropsykiatrisk team, småbarnsteam, og team for psykose og emosjonelle lidingar. Vi tilbyr spesifikke behandlingstilbod som til dømes FBT, TF-CBT og PEF. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til samarbeidspartane våre er ei viktig arbeidsoppgåve.
Poliklinikken i Kristiansund har ledig fast stilling for lege i spesialisering. Oppstart etter avtale med seksjonsleiar.
Attestar/tenestebvis frå tidlegare arbeidsforhold må lastast opp som vedlegg til CV/søknad.
Arbeidsoppgåver
- Som lege i spesialisering vil du ha varierte arbeidsoppgåver, slik at du kan opparbeide deg den kunnskapen og erfaringa som trengs for å bli ein god spesialist
- Sentrale arbeidsoppgåver er utgreiing, medisinering, terapi, rettleiing av føresette og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
- Godkjent del 1 av spesialistutdanninga eller turnusteneste etter gammal ordning
- Gode norskkunnskapar (ev. svensk eller dansk) både skriftleg og muntleg
Vi verdset personlege eigenskapar som:
- Gode samarbeidsevner på tvers av profesjon, ved at du evnar å verdsette kompetansen og erfaringa til kollegaene dine, og kan engasjere deg i gode faglege refleksjonar
- At du er ein nysgjerrig, ryddig og kunnskapsrik kollega
- At du er fagleg dyktig og har engasjement for vidareutvikling av fagområdet
- At du er opptatt av god og tillitsskapande pasientkommunikasjon
- Eit godt arbeidsmiljø er viktig hos oss. Det er derfor viktig at du er raus og respektfull i møte med kollegaer, pasientar og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr
BUP Kristiansund har eit breitt samansett og spennande fagmiljø som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Vi har ei stabil og god bemanning av overlegar og kan gi LIS-legane god oppfølging, undervisning og rettleiing. Det blir underteikna ein individuell utdanningsplan ved tilsetting.
Videre tilbyr vi:
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Vanleg dagarbeidstid 0800 -1600.
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
- Vekeleg rettleiing av spesialist
- Strukturert utdanningsstilling med deltaking i lokal og regional undervisning
- Individuell utdanningsplan ved tilsetting
Les også meir om Kristiansund og omland her: https://www.fjordnorway.com/en/destinations/kristiansund
Kontaktinformasjon
Kjell Åsmund Bryn, Seksjonsleiar, 71217550, kjell.asmund.bryn@helse-mr.noArbeidsstad
SykehusgataKristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.:4568040701
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.10.2022