Klinikksjef - Klinikk for psykisk helse og rus
Org. nr: - Stillingsident: 4236132379 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter klinikksjef med engasjement for å vidareutvikle tilbodet innan psykisk helse og rus til innbyggarane i Møre og Romsdal. Klinikksjef for psykisk helse og rus skal medverke til at Helse Møre og Romsdal når strategiske mål ved å være pådrivar for utvikling og styrking av fagområda i klinikken, med bakgrunn i kjerneverdiane i spesialisthelsetjenesta. Klinikk for psykisk helse og rus består av 5 avdelingar som er organisert på tvers av sjukehusa og som omfatter sykehuspsykiatri, distriktspsykiatriske sentra og tverrfaglig spesialisert behandling.
Klinikksjef utgjer saman med administrerande direktør, dei andre klinikksjefane og stabsdirektørane leiargruppa i Helse Møre og Romsdal. Leiargruppa har eit heilskapleg ansvar for helseføretaket sine mål, rammer og verdigrunnlag.
Klinikksjefen skal sikre at klinikken vert drive i tråd med faglege krav og innan tildelte økonomiske rammer. Dette betyr høgt fokus på optimalisering av tilgjengelege ressurser.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning frå høgskule/universitet
- Leiarerfaring frå større kunnskapsorganisasjonar
- Relevant yrkeserfaring og utdanning
- God fagleg innsikt og kompetanse i dei aktuelle fagområda i klinikken
- Forskingskompetase er ein fordel
Personlege eigenskapar
- Du er analytisk, reflektert og har evne til å bygge relasjonar.
- Du er ansvarleg, tenkjer heilskapleg og er van med å løyse samansette problemstillingar.
- Du er endringsvillig, handlekraftig og kommuniserer på ein måte som inspirerer og motiverer andre.
Vi tilbyr
- Du vil få ei sentral rolle i utviklinga av spesialisthelsetenestene til beste for innbyggarane i Møre og Romsdal.
- Vi inviterer deg inn i eit stimulerande arbeidsmiljø, med gode høve for fagutvikling.
- Konkurransedyktige løns- og personalvilkår.
- Medlemskap i pensjonsordning, yrkesskade- forsikring,Gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
- Vi er ein IA-organisasjon (IA=inkluderande arbeidsliv).
Andre opplysningar
- Det må påreknast ein del reiseaktivitet mellom sjukehusa i føretaket.
- Helse Møre og Romsdal arbeider for meir offentlegheit, og søkjarlista til stillinga blir offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkjarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkjar si side.
Kontaktinformasjon
Øyvind Bakke, Adm .Direktør, 91369981, oyvind.Bakke@helse-mr.no
Arbeidsstad
Åsehaugen
6026 Ålesund
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.:4236132379
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2020
Om bedriften
Helse Møre og Romsdal HF gir spesialisthelsetenester til innbyggjarane i fylket, og skal gjennom pasientverdiprosessen skape <>. Vår visjon er å vere ''På lag med deg for helsa di''. Føretaket er ein kunnskapsorganisasjon med om lag 6500 tilsette, fordelt på sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, samt behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. <> er valt til hovudstrategi for helseføretaket. Vi arbeider for å utvikle leiarskap og ein samlande kultur til beste for fagleg tilbod, kvalitet og ressursutnytting. Føretaksadministrasjon ligg i Ålesund.
Vi ønskjer kvalifiserte søkjarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Innhaldet i stillinga kan bli endra. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillande politiattest. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ei slik oppmoding og ta kontakt med deg dersom oppmodinga ikkje vert tatt til fylgje (jf Offentlighetsloven § 25). Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar.
For meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal