Jente 6 år søkjer omsorgsfulle assistentar til si BPA-ordning
Vil du være med i mitt BPA-team?
Eg er ei jente på 6 år som treng fleire omsorgsfulle assistentar i teamet mitt. Eg bur saman med familia mi, men har ei psykisk og fysisk funksjonshemjng som gjer at eg treng mykje assistanse gjennom dagen. På grunn av funksjonshemjinga mi treng eg deg til å være saman med meg slik at du kan bidra til å gjere dagane mine innhaldsrike, og til å hjelpe meg å nå måla mine.
Eg er veldig sosial, og for det meste blid og artig. Eg likar veldig godt å synge og danse til musikkvideoar, være ute på leikeplassen saman med venar, og tenkjer at det er nokon av mange aktivitetar vi kan gjere saman. Vi skal nok finne på mykje kjekt saman!
Arbeidstida vil være ettermiddag/kveld i vekedagane og på dagtid eller kveldstid i helgene. Eg ynskjer at du kan arbeide tredje kvar helg, både laurdag og søndag, samt ein ettermiddag/kveld i veka. Men dette kan vi sjå nærmare på saman.
Arbeidsstaden er i hovudsak heime hos meg, men vi tek oss ein tur når det passar. I helgene synest eg det er veldig kjekt å fare på tur, og blir veldig glad når vi bestemmer oss for å fare for eksempel på badestranda, leikeland, badeland eller hakallegarden.
Eg ser fram til å bli kjend med deg!
Om deg:
- Du har fylt 18 år.
- Du likar å være saman med barn.
- Du er sjølvstendig, ansvarsfull og trygg.
- Du er fleksibel, organisert og ryddig.
- Du er kreativ, og likar å finne på ting.
- Du er innstilt på å assistere meg når eg er saman med familie og venar.
- Du snakkar norsk flytande.
Du treng ingen formell utdanning - det viktigaste er at kjemien er god. Vi kjem til å leggje stor vekt på personleg eignaheit. Du kan godt være student, då arbeidstida er på ettermiddag/kveld og helg.
Vi kan tilby:
- Konkurransedyktig lønn
- Forsikring
- Pensjonsavtale
- Spennande, utfordrande og gjevande arbeidsdagar.
- Opplæring i bruk av hjelpemidlar, motorisk trening, handtering av epileptiske anfall, bruk av PEG og administrering av medisinar.
- Eit godt arbeidsmiljø
- Kursing og kompentanseheving gjennom AssisterMeg
- Støtte til dekning av treningsavgift
Du blir ansatt gjennom AssisterMeg, men det er foreldra mine som er arbeidsleiar for ordninga. Politiattest er påkrevd.
Om arbeidsgjevaren
AssisterMeg vart starta i 2006, og var ein av dei fyrste private leverandørane av brukerstyrt personleg assistanse (BPA) til menneske som har ei funksjonshindring i Noreg. Brukerstyrt vil seie at den som har assistanse sjølv styrar kven som skal være assistent, kva assistenten skal gjere, samt kor og til kva tid assistansen skal finne stad. Slik vært assistansen skreddarsydd rundt kundens behov og gir fridom til å leve slik man ynskjer. Vi jobbar for å gjere det enklast mogleg for våre kundar å ha BPA, og vi byggjer vårt konsept på beste praksis og lang erfaring. Vårt verdigrunnlag er likeverd og inkludering gjennom styring i eige liv. AssisterMeg fusjonerte med Olivia Assistanse i mai 2021, og er eit dotterselskap i Team Olivia.
Les meir om AssisterMeg på www.assistermeg.no
Link til søknadsskjema: Send søknad