Regionleiar for Søre Sunnmøre, vikariat
Bygg- og eigedomstenester, Møre og Romsdal fylkeskommune
Holsekerdalen 180, 6065 Ulsteinvik, Lisjebøvegen 4, 6091 Fosnavåg, Vevendelvegen 35, 6102 Volda, Holmegata 14, 6153 Ørsta, Borgundvegen 340, 6009 Ålesund
Om jobben
Stillingstittel
Regionleiar for Søre Sunnmøre, vikariat
Oppstart
20. januar 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ønskjer du å jobbe som leiar for reinhald i Region Søre Sunnmøre som er Volda vgs, Ørsta vgs, Herøy vgs og Ulstein vgs? Vi har ledig eit års vikariat, med mogleigheit for forlenging som Regionleiar reinhald Søre Sunnmøre.
Her skal du lede og utvikle region Søre Sunnmøre og bidra til at reinhaldsseksjonen når dei fire langsiktige måla for reinhald i Møre og Romsdal fylkeskomune. Du vil ha personal, økonomisk og fagansvar for din region. Reinhaldsseksjonen i Møre og Romsdal fylkeskommune utgjer 4 regioner som har som oppgåve å levere reinhaldstenester til dei videregående skolane i fylket. Regionleiar går inn i leiargruppa i reinhaldsseksjonen.
Kontorstad vil vere i regionen eller ved NMK (Norsk Maritimt Kompetansesenter) i Ålesund.
Den som blir tilsett må levere politiattest.
Arbeidsoppgåver
- personalansvar for reinhaldarane i regionen din
- budsjettansvar innafor ditt område
- bidra til å utvikle reinhaldsseksjonen
- utarbeide og følge opp planar og rutinar for reinhald ved skolane
- bidra til å nå måla til reinhaldsseksjonen
- noko reiseverksemd må medreknast
Kvalifikasjonar
Relevant utdanning frå høgskole/universitet på minimum bachelor-nivå.
Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
Det er ønskeleg at du har leiarkompetanse og leiarerfaring i tillegg til erfaring frå offentleg eigedomsforvaltning, reinhald eller drift.
Personlege eigenskapar
I tillegg blir det lagt vekt på at du:
- er ein lagspelar som likar å samarbeide, dele og inkludere
- er god på å bygge relasjonar og motivere
- har god skrifteleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
- har god erfaring med bruk av digitale verktøy
Du er ein leiartype som likar å kommunisere klart og tydeleg, samtidig som vedkommende har omsorg og interesse for folka sine. Vi søkjer deg som trivst med å leie andre menneske, skape samhald og vi- følelsen i eit miljø som både er mangfaldig og tverrfagleg. I tillegg er du strukturert, sjølvstendig og god på å organisere og administrere.
Vi tilbyr
Ordna arbeidstid
Moglegheit til påverking i egen arbeidskvardag
Ein arbeidsplass i stor utvikling
Godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
Kontaktinformasjon
Anne Bente Klokk Svendsvik, Avdelingssjef, 91131546Torgeir Haukebø, Bygg- og eigedomssjef, +47 46418730
Arbeidsstad
Holsekerdalen 1806065 Ulsteinvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 4890901348
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 20.01.2025
Søknadsfrist: 16.12.2024
Om bedriften
Bli med å utvikle regionen saman med oss!
Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen. Verdigrunnlaget vårt er ein lærande organisasjon, kjenneteikna av verdiskapande samarbeid og tillit.
Bygg- og eigedomsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og
utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit
samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2804519
- Hentet fra
talentech
- Referanse
47c17d3b07bc482fbf9a506c2eb6f23f