Lege i spesialisering, plastikkirurgi -vikariat
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5009 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
LIS - Lege i spesialisering - plastikkirurgisk avdeling
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk eller skandinavisk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Avdelinga har kvart år om lag 2 500 avdelingsopphald og nærare 11 000 polikliniske konsultasjonar. Avdelinga gjennomfører behandling innan alle fagfelt som inngår i utdanningsprogrammet for plastikkirurgi. Avdelinga har nasjonal behandlingsteneste for avansert brannskadebehandling og fleirregional behandlingsteneste for leppe- kjeve- ganespaltebehandling.
Det er 5 avdelingar i kirurgisk klinikk:
* Avdeling for bryst- og endokrinkirurgi
* Avdeling for gastro- og akuttkirurgi
* Avdeling for karkirurgi
* Avdeling for plastikkirurgi og brannskade
* Avdeling for urologi
Søkarar utanfor Skandinavia må dokumentere norskkunnskap, både skriftleg og munnleg. Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram godkjend politiattest (vandel) jf. Lov om helsepersonell § 20a.
Ønsker ikkje kontakt med rekrutteringsbyrå eller annonseseljarar. Søknadar utanom WebCruiter vil ikkje bli behandla.
Arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonar
- Den som blir tilsett som LIS må ha norsk autorisasjon og godkjend turnusteneste/LIS 1 eller teneste som etter gjeldande norsk regelverk kan leggast til grunn for tilsetting i LIS-stilling i plastikkirurgi
- Relevant sjukehuserfaring
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du arbeider målretta og toler å stå i krevande situasjonar
- Du viser fagleg tryggleik, tillit og respekt
- Du beheld roen og klarer å prioritere i stressande situasjonar
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
- Vi søker ein driftig fagperson som likar å finne gode løysingar
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Hans Christian Sylvester-Jensen, Leiar, hans.christian.sylvester-jensen@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4878528736
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 13.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2780470
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e1ac51b0240b40229dee24410a1e07e6