Anleggsleiar (ingeniør) for betong- og kaiarbeid
I samband med auka oppdragsmengde søker vi no etter ein anleggsleiar (ingeniør) som kan vere med å utvikle bedrifta og prosjekta våre vidare. Du vil få stor påverkningskraft i arbeidskvardagen.
Den som søker må ha relevant utdanning som anleggsingeniør, byggingeniør eller tilsvarande. Anleggsleiar vil få eit ansvar for planlegging, gjennomføring og ferdigstilling av prosjekt i henhold til prosjektplanar. Han vil også få ansvar for økonomi, kvalitet og HMS.
Det vil vere ein fordel om du har erfaring frå prosjekt innanfor betongfaget, men dette er ikkje eit krav.
Erfaring frå bruk av program som Revit/Autodesk (3D-modellering) er svært ønskeleg.
Vi har prosjekt i heile Noreg, så reising og ulikt skiftarbeid må påreknast.
Vi tilbyr eit godt arbeidsmiljø og konkurransedyktige vilkår i ei bedrift med hektiske dagar og spanande prosjekt.
Krav til kompetanse
- Utdanna ingeniør (bygg- eller anleggsfag)
- Førarkort, minimum kl. B
Ønska kompetanse
- Erfaring frå anleggsbransja og spesielt betongfaget
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Utviklingsorientert, handlekraftig og positiv
- Erfaring frå Revit/Autodesk (3D-modellering)
Personlige egenskaper
- Trivast med arbeid både inne og ute
- Tydeleg, inspirerande og trygg som person
- Fokus på helse, miljø og tryggleik
Om bedriften
A. Våge AS har meir enn 60 års erfaring med anleggsarbeid etter vi starta entreprenørverksemd på 1950-talet. Vi har base i Volda, men prosjekt langs heile kysten av Noreg.
Vi har sidan oppstarten teke på oss arbeid innan heile bygge- og anleggssektoren. I den seinare tid har vi spesialisert oss på kaikonstruksjonar i betong.