Helsesekretær/sekretær
Radiologi Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesekretær/sekretær
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. desember
Radiologisk avdeling Ålesund ynskjer deg med på laget!
Vi har ledig fast stilling som helsesekretær/sekretær
Avdelinga er ei fellesavdeling for radiologi for Ålesund og Volda, og har ansvar for det radiologiske tilbodet til pasientar på Sunnmøre. Vi tilbyr eit breitt utval av undersøkingar innan røntgen, ultralyd/doppler, CT (datatomografi), MR (magnetisk resonans), angiografi (bilete av blodårer), beintetthetsmåling og nuklærmedisin med PET og SPECT. Radiologi er eit spanande fagområde i rask utvikling, og våre tilsette nyttar avansert teknologi store delar av arbeidskvardagen. Undersøkingane vi tilbyr er ein naturleg del av svært mange forløp for både innlagde og polikliniske pasientar, og vi har eit nært samarbeid med dei fleste kliniske avdelingane på sjukehusa.
Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kolleger og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.
Høyrast dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg!
Helse Møre og Romsdal HF ynskjer at medarbeiderane våre skal speile mangfoldet i befolkninga, og vi oppfordrar kvalifiserte til å søke hos oss uansett kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det samme gjeld dersom du har hatt eit opphold i arbeidslivet.
Ikkje kjent i området? Sunnmøre er eit eldorado av fjordar, fjell, vakre byar, historie, kulturliv og aktivitetar både for vaksne og born. På Sunnmøre vil du trivast! Med Ålesund som utgangspunkt har du kort veg, både til høge fjell og til sjø, samt nærleik til flyplass (ca 25 min fra sjukehuset) som byr på gode høve for å nå destinasjonar i både innland og utland. Ålesund og Sunnmøre - der fjell møter fjord
Arbeidsoppgåver
- Betening av telefon
- Ankomstregistrering av pasientar
- Kassaregistrering
- Administrering av ventelister
- Oppsett av timeavtalar
- Andre forefallande kontorarbeidsoppgåver
- Arbeid på kveld må påreknast
Kvalifikasjonar
- Ynskjeleg med autorisasjon som helsesekretær, men ikkje eit krav
- Relevant praksis
- God IT- kompetanse
- Meistre norsk godt muntleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
Personlege eigenskapar vil vektleggast ved tilsetting. Vi ynskjer at du:
- Har stabil arbeidskapasitet, og er påliteleg, nøyaktig og strukturert i ditt arbeid
- Er engasjert og initiativrik i møte med varierte oppgåver
- Har evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
- Har gode samarbeidsevner, og kan arbeide både sjølvstendig og i team
- Er serviceorientert
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Lisa Steinberg, Seksonsleiar, lisa.steinberg@helse-mr.noArbeidsstad
Åsehaugen 56017 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4855304827
Stillingsprosent: 100%
Fast
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2796047
- Hentet fra
talentech
- Referanse
40a99398d960424ebd37fa868cd1a50b