Barnehagelærar
Stryn kommune har i alt 8 barnehagar. Av desse er 5 i kombinasjon med skule/SFO, og 3 er sjølvstendige barnehagar.
Arbeidsområde: Det kan bli ledige stillingar for barnehagelærar ved dei fleste av barnehagane.
Kvalifikasjonar for stillingane:
- Krav om fullført utdanning som barnehagelærar.
- Personlege føresetnader, god samarbeidsevne og relevant praksis vert vektlagd
Vi kan tilby:
- Variert arbeid i eit positivt miljø
- God pensjonsordning i KLP
For stillinga gjeld:
- Tilsetting etter gjeldande lover, tariffavtale og reglement
- Lønn etter tariff
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest av ny dato
Vi ber om at kopiar av vitnemål og attestar vert skanna inn og sendt elektronisk samstundes med søknaden.
Søkjarane er som hovudregel offentlege og det er strenge kriterie for å bli unnateke, jf. offentleglova §25. Dersom du ønskjer at søknaden din skal unntakast offentleggjering, ta kontakt med skule- og kulturkontoret.
Link til søknadsskjema: Send søknad
Om bedriften
Stryn kommune med sine om lag 7 200 innbyggjarar er sentralt plassert i ein større bu- og arbeidsregion i Nordfjord / Søre Sunnmøre. Her er omfattande turisme, eit rikt kulturliv og gode oppvekstvilkår for born og unge. Det er eit ekspansivt næringsliv med etterspurnad etter ulik type arbeidskraft. Det er gode kommunikasjonar med Oslo, Bergen, Ålesund og Tronheim. Flyplass er Ørsta - Volda eller Sandane med reisetid ca. 1 time.