ID 1967 Ferievikarar Sunnhordland interkommunale legevakt og døgnavdeling IDA
Søkjer du ein interessant sommarjobb med spanande utfordringar der du får nytta din erfaring og kompetanse? Då kan du vera rette person for oss.
Me kan tilby varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i ein spanande og travel kvardag. Det er eit triveleg arbeidsmiljø på ein strukturert arbeidsplass som held høgt fagleg nivå. Sommarjobb ved SIL inneber turnusarbeid dag, kveld, natt og i snitt arbeid anna kvar helg.
Me har trong for lege, sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og sjukepleiarstudentar i perioden 19/6- 13/8-2023 ved legevakta og Døgnavdeling IDA.
- På legevakta treng me sjukepleiarar (gjerne med minst 2 års erfaring). Medisinstudentar som har bestått 3.året.
- Ved døgnavdelinga treng me Sjukepleiarar og helsefagarbeidarar , samt sjukepleiarstudentar.
- Vår avdelingoverlege treng vikar i 5 veker (1 veke opplæring). Her kan gjerne medisinstudent med lisens søkje.
Alle ferievikarar må leggja fram politiattest av ny dato.
NB. Husk å fylle ut kva tid du ynskjer å jobbe . Søkjarar som kan jobbe heile perioden eller i 6 veker eller meir vil bli prioritert.
Det blir ikkje sendt ut førebels melding ettersom det kjem søknader inn heile tida.
Ved spørsmål kan du ringja dagleg leiar Mona Yvonne Espeland 48201982 eller avdelingsleiar Ingvild Boga 91727837
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Om bedriften
Sunnhordland interkommunale legevakt IKS dekker legevaktfunksjon for kommunane Fitjar, Bømlo og Stord med samla om lag 34.000 innbyggjarar. Legevakta flytta inn i nye, moderne lokale i 2017 og er lokalisert i tilslutnad til Stord sjukehus. Legevakta og døgnavdelinga har eit triveleg fagmiljø med personale som held høg fagleg kompetanse.