Undervisningsstillinger i fellesfag
Skulen ligg i bysenteret Odda i Ullensvang kommune. Området er kjent for dramatisk landskap med fjord, fjell, brear og fossar. Dette gjev svært gode føresetnader for ulike aktivitetar, men er òg grunnlaget for verdsleiande industri. Hardanger og fruktdyrking er eit kjent omgrep, og aktivitetsturisme er blitt eit stort satsingsområde. Gjennom året vert det arrangert større og mindre kulturarrangement i kommunen, t.d. Hardanger musikkfest, Litteratursymposiet, Blueshelga, Sus & Dus, Morellfestivalen og Siderfestivalen.
Odda vidaregåande skule er ein skule med omlag 200 elevar og 50 tilsette, som er fordelt på studieførebuande program og yrkesfagleg program. Vi har eigen avdeling for tilrettelagt opplæring, samt landsline i smedfaget.
Vi har ein eller fleire ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2024 knytt til desse faga: kroppsøving, engelsk, samfunnskunnskap, historie og spesialpedagogikk.
Vi vil sjå kompetansen til dei som blir tilsett i samanheng med kompetansen skulen allereie har, slik at fordeling på fag og grupper vert justert for å dekke skulen sine behov.
Arbeidsoppgåver
Planlegging og gjennomføring av undervisningVurderingsarbeid og utviklingsoppgåver
Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam
Undervisning i tilrettelagte grupper eller av enkeltelevar
Kvalifikasjonar
Vi søkjer etter personar med relevant utdanning frå høgskule/universitet, pedagogisk kompetanse og erfaring innan undervisning i dei faga stillingane skal dekka.Personlege eigenskapar
Positiv og likar å arbeide med ungdomStrukturert, samstundes som du kan arbeide i eit hektisk miljø
Sjølvstendig, samstundes som du er god på relasjonar og samarbeid
Utviklings- og løysingsorientert
Romsleg, raus og fleksibel
Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyr
Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaerLøn etter kvalifikasjonar
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kontaktinformasjon
Geir Veland, rektor , 97143273Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4800849250
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.05.2024