Ferievikarar 2023
Masfjorden kommune søkjer etter ferievikarar desse stadene:
- Pleie og omsorg
- Masfjorden sjukeheim
- Heimetenesta
- Masfjorden bu- og aktivitetssenter
- Kjøkkenet Masfjorden sjukeheim
- Vaskeri og reinhald Masfjorden sjukeheim
Me treng vikarar i perioden frå veke 25 til og med veke 33. Du må opplyse i søknaden kvar du ynskjer å arbeide, og kva tidsperiode du kan arbeide.
Våre ynskjer om deg:
Du er positiv, flittig og initiativrik.
Ønskjeleg at du har fullført 10.klasse, men yngre kan søke.
Det er krav om gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
For å arbeide i heimetenesta og bu- og avlastningstenesta bør du vere fylt 18 år og ha førarkort klasse B.
I pleie og omsorg vert søkjarar som kan arbeide helg og minimum 4 veker prioritert.
Skriv i søknaden kvar du ynskjer å arbeide, oppgje gjerne fleire ynskje.
For søkarar under utdanning i eit høgskuleløp har vi eigen lønsstige.
Politiattest
I barnehage og pleie-omsorg er det krav om politiattest som ikkje eldre enn 3 månader. Denne bestiller du etter at du har fått jobbtilbod.
Slik søkjer du
Du søkjer elektronisk via heimesida til Masfjorden kommune.
Søknadsfrist:
Tilsetting fortlaupande
Link til søknadsskjema: Søk her