Ledige stilligar som helsesjukepleiar
Tokke kommune lyser ut 100% fast stilling, 100% vikariat og 50% prosjektstilling som helsesjukepleiar i helsestasjon- og skulehelsetenesta.
100% fast- ledig frå 01.05.24
100% vikariat- ledig frå 01.07.24- 01.06.25
50% prosjektstilling- ledig frå snarast til 31.12.24, og kan bli forlenga om vi får vidare tilskotsmidlar.
Stillingane er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar.
Vi har stort fokus på tverrfagleg samarbeid og teamarbeid både internt og i samhandling med andre instansar.
Sentrale arbeidsoppgåver
- Helsestasjon- og skulehelseteneste
- Helsestasjon for ungdom
- Flyktninghelseteneste
- Reisevaksinering
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjend sjukepleiar med godkjend vidareutdanning som helsesjukepleiar
- Offentleg godkjend sjukepleiar med relevant vidareutdanning/arbeidserfaring kan også søkje
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
- Erfaring frå helsestasjon eller anna førebyggjande arbeid er ein fordel
- Kurs i COS-P (foreldreveiledning) er eit ynskje
- Kjennskap til elektronisk pasientjournal CGM er eit ynskje
- Førarkort kl. B, den tilsette må disponere eigen bil.
Vi søkjar deg som
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er løysingsorientert, kreativ og fleksibel
- er positiv, engasjert og likar nye utfordringar
- likar å arbeide sjølvstendig, i team og med grupperettleiing
- har evne til å skape gode og trygge relasjonar
- er kunnskapssøkjande og har fagleg fokus
At du er personleg eigna for stillinga vert tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
- engasjerte kollegaer med fokus på fagleg utvikling og samarbeid
- utfordrande og spanande arbeidsoppgåver i eit positivt og fleksibelt arbeidsmiljø
- ein lærande og framtidsretta organisasjon
- gode forsikrings- og pensjonsordningar
- løn etter avtale i henhold til kommunal tariffavtale
Tokke kommune ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald. Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, livssituasjon, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Vi legg vekt på tilrettelegging av arbeidsforhold dersom du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato, men slik attest skal ikkje følgje søknaden. Kopi av attestar og vitnemål tek du med deg ved eit eventuelt intervju.
I samsvar med Offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For meir informasjon, ta kontakt med : Avdelingsleiar helse: Evy K. Aamlid tlf. 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no
Om bedriften
Kraft- og kulturkommunen Tokke ligg i Vest -- Telemark, og har eit mangfald av kultur- og naturopplevingar, gode buplassar både i sentrum og i landlege grender, eit stort idretts- og organisasjonsliv, i tillegg til eit spennande næringsliv.
Tokke kommune blei for andre år på rad kåra til beste kommune for barn og unge i Unicefs kommuneanalyse i 2022. Du kan lese meir om korleis det er å bu i Tokke her: Velkomen til Tokke! - TOKKE KOMMUNE
I enden av Telemarkskanalen finn du kommunesenteret Dalen, som kan by på perler som Soria Moria, Dalen Hotel, Rui og ei triveleg handlegate i sentrum med spanande butikkar og kafé.
Her finn du også Tokke helsesenter, med sjukeheim, omsorgssenter, heimeteneste, dagsenter, kjøkken, helsestasjon, legekontor, psykisk helse, samt fysio- og ergoterapeut lokalisert under same tak.