Helgestillingar
Om oss
Bu- og miljøtenesta yt døgnkontinuerlig tenester til personar med psykisk utviklingshemming og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Tenesta har 35 årsverk, fordelt på 55 tilsette. Desse har utdanning som vernepleiar, sjukepleiar, sosionom, barnevernspedagog, ergoterapeut, helsefagarbeidar og assistentar.
Dei tilsette er delt i 2 personalgrupper. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde.
Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som, hygiene, ernæring og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig:
- helgestillingar, ca. 13 % fast , arbeid laurdag og søndag 3. kvar helg
Vi søker etter deg som er autorisert vernepleiar/sjukepleiar eller helsefagarbeidar.
Vi oppmodar sjukepleie- og vernepleiestudentar, samt andre med erfaring eller interesse for denne typen arbeid om å søke. Dei som ikkje har relevant utdanning får tilbod om mellombels tilsetting.
Vi ønsker oss søkarar som:
- har kjennskap til data. Vi nyttar fagprogrammet Gerica.
- har erfaring med denne typen arbeid
- har evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert, tverrfagleg og i team
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike behov
- er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort klasse B
Politiattest av nyare dato må leverast før start i stilling.
Velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Erik Øksenberg Wold, Mobil 47 94809065, Epost: erik.oksenberg.wold@forde.kommune.no
Om bedriften
Førde ligg midt i Sogn og Fjordane og tilbyr rike naturopplevingar med sine vakre elvar, fjell og dalar. Kommunen har om lag 13 000 innbyggarar og er sentrum for handel, service og utdanning i fylket. Vi har eit variert kulturliv med teater, kino, konsertar og utstillingar samt andre kulturhendingar. Mykje av dette er knytt til vår eiga storstove, Førdehuset, som også byr på svømmehall og idrettsanlegg. Førde kommune er den største arbeidsplassen i kommunen ved sida av Sentralsjukehuset og har om lag 1200 arbeidstakar innanfor mange ulike yrke.