Spennande forskarstilling innan fiskevirologi
Jobbnorge ID: 190417
Om stillinga
Ved Havforskingsinstituttet er det ledig ei fast stilling som forskar (1109) innan fiskevirologi. Stillinga er knytt til forskingsgruppa Smittespreiing og sjukdom med arbeidsstad Bergen. Vi ser etter ein motivert og lovande forskar med 2-6 års forskingserfaring etter PhD som vil jobbe som del av eit team for å forstå korleis virus påverkar individer, populasjonar og økosystemer. Den som blir ansatt vil jobbe med ei rekkje forskarar og teknikarar, og være innvolvert i forskingsprosjekter innan på virus og virusrelaterte problemstillingar i vill- og oppdrettfisk, inkludert forsking på virusevolusjon og virus' grunnleggande eigenskapar og evne til å spres, infisere og gje sjukdom. I tillegg vil ein delta i utvikling av teamet, nye prosjekter og i instituttets kunnskapsstøtte og rådgivingsoppgåver.
Om forskingsgruppa og arbeidet vi gjer
Forskingsgruppe Smittespreiing og sjukdom har fokus på patogener og sjukdom i fisk og marine arter, blant annet for å kunne vurdere risikoen for smittespredning mellom ville og oppdrettede bestander. Gruppen arbeider med ulike fiske- og skjellsykdommer, lakselusbiologi ogøkotoksikologi. Metodene vi bruker spenner fra tokt og innsamling av feltprøver, til eksperimentelle smitteforsøk og avanserte molekylærbiologiske analyser. Virus er eit av dei største problema for norsk oppdrett og har betydeleg potensiale til å påverke mottakelege artar i miljøet. Forskingsgruppa har som mål å forske på og skape det naudsynte kunnskapsgrunnlaget for gode forvaltningsråd gjennom å forstå patogeners økologiske betydning. Stillinga vil inngå som del av eit team med solid kompetanse innen praktiske fiskeforsøk, virologi, fiskeimmunologi, patologi, molekylærbiologi og bioinformatikk.
Sentrale arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene vil inkludere forsking innan relevante fiskehelserelaterte problemstillingar med vekt på virologi og smittespreiing. Stillinga vil bli knytt til pågåande prosjekter og vil blant anna få ansvar for utvikling og etablering av laboratoriemetodar, gjennomføring av smitteforsøk og støtte utvikling av smittespredningsmodellar. Den som blir ansatt vil og delta i og få ansvar for analyser og publisering av resultater, samt å delta aktivt i utvikling av nye prosjekter i teamet og gruppa. Den som blir ansatt vil og delta i instituttets rådgivingsoppgåver innan fiskehelse og akvakultur.
Kvalifikasjonar
- Relevant doktorgrad innan virologi, fiskehelse, veterinærmedisin eller anna nærliggande fagfelt og nokre (2-6) års forskingserfaring
- Solid teoretisk og praktisk erfaring innan eksperimentell virologi, fortrinnsvis fiskevirologi
- Høg kompetanse i både skriftleg og munleg engelsk
Arbeidsspråket på Havforksningsinstituttet er norsk. Det å kunne kommunisere godt på norsk er ein viktig forutsetnad både for den tilsette og for instituttet. Det vert forventa at ikkje-norskspråklege tilsette i fast stilling gjennomfører norskkurs i løpet av dei to fyrste åra av tilsettingsforhaldet. Norskopplæring vil bli dekka av instituttet etter fullførte og beståtte kurs.
Det må påreknast noko reiseverksemd, samt at arbeidsoppgåvene kan endrast over tid for å gjenspegle Havforskingsinstituttets behov.
Ynskjeleg kompetanse
- Solid og brei erfaring med eksperimentelt arbeid og metodar knytt til fiskevirologi, som til dømes dyrking, metodeutvikling/-etablering, molekylærbiologi og/eller cellulærbiologi
- God kunnskap om moderne virologiske metodar (til dømes bioinformatiske analyser, NGS, reverse genetic systems, phylogenomics)
- Erfaring frå arbeid med fisk, gjerne laksefisk
- Erfaring med planlegging og gjennomføring av eksperimentelle fiskeforsøk, inkludert smitteforsøk
- Kjennskap til relevante økologiske problemstillingar som til dømes effekter av spredning av virus frå oppdrett til ville bestandar, smittedynamikk i ville bestandar, bestandsregulerande effekter av patogener,
- Kjennskap til epidemiologi, statistikk eller kvantitativ biologi
- Kjennskap til fiskefysiologi og -patologi
- God evne til å publisere forskingsresultater
- Det vil telle positivt med kunnskap om akvakultur og norske forhold, samt erfaring med risikovurderingar og rådgiving
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter ein motivert kandidat med gode evner til å jobbe som ein del av ei gruppe mot felles mål
- Evne til å planlegge, gjennomføre og analysere eksperimenter på ein effektiv og strukturert måte
- Gode skriftlege og munlege kommunikasjonsevner
Vi tilbyr
- Arbeid i ein av Europas leiande forskingsinstitusjonar, med stor samfunnsmessig relevans
- Eit spanande og solid fagmiljø
- Lokaler sentralt i Bergen
- Fleksitidsordning, med sommar- og vintertid
- Offentleg tenestepensjonsordning i Statens pensjonskasse
- Bedriftsidrettslag, med muligheit for trening i arbeidstida
- Bedriftshytter
Søknadsfrist
Søknadsfrist 23. august 2020.
Søknad må sendast elektronisk via Jobbnorge. For å vurderast må motivasjonsbrev, CV, relevante attestar og vitnemål leggast ved i søknaden.
Ytterlegare informasjon
Stillinga vert lønt i stilling 1109 Forskar, i samsvar med Hovedtariffavtalen i staten. Frå løna vert det trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde, sjølv om søkjaren har bedt om å vera unnateken søkjarlista. Søkjaren vil bli orientert om dette på førehand.
Ynskjer du fleire opplysninger om stillinga kan du kontakte forskningsgruppeleiar Bjørn Olav Kvamme på telefon 41612076 eller epost: bjornok@hi.no, eller seniorforskar Søren Grove på telefon 45882346 eller e-post: soeren.grove@hi.no .
Inkludering og mangfald, og positiv særbehandling
Havforskingsinstituttet har fokus på mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonalitet eller etnisk bakgrunn. Havforskingsinstituttet er ei IA-bedrift, og vi ønskjer å legge forholda til rette for søkjarar
med redusert funksjonsevne.
Dersom det finns kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetting, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, vil vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling, må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om krava her.
For å synliggjere at du ønskjer å bli vurdert som søkjar med rett til positiv særbehandling ber vi deg krysse av for dette i jobbportalen når du søkjer.
Se annonsen og søk på stillingen www.jobbnorge.no
Om bedriften
Havforskingsinstituttet (HI) er eitt av dei største marine forskingsinstitutta i Europa, med vel tusen tilsette og ei rekkje forskingsfasilitetar og laboratorium av høg internasjonal standard. Hovudaktivitetane våre er forsking, rådgjeving og overvaking. Havforskingsinstituttet eig og driv seks forskingsfartøy. Hovudkontoret vårt ligg i Bergen. Vi har også avdeling i Tromsø, og forskingsstasjonar i Matre, Austevoll og Flødevigen.
Havforskingsinstituttet skal vere ein leiande kunnskapsleverandør for å sikre ei bærekraftig forvalting av ressursane i dei marine økosystema, både nasjonalt og internasjonalt, og for heile kjeda frå hav til mat, inkludert det marine miljøet, fiskeernæring og trygg og sunn sjømat.